top of page

Trekkspel og vår

Oppdatert: 31. mar.



Når «Drømmen om Elin» lydde frå trappa ved huset lengst innunder Eltvikehornet, ja, då folk - var våren komen til Eltvik! Dei lette tonane frå trekkspelet til far strøymde ut i den mjuke vårkvelden, og fekk den lange vinteren til å verke så uendeleg fjern. Gløymt vart månadane med sterk storm frå nordvest; der ein mest ikkje kunne stå oppreist ut for nova. Og som viska bort vart veker med endelaust regn, vekslande med snø som samla seg i farlege fonner i Eltvikstranda. At storbåra ofte braut himmelhøgt over moloen og piska nådelaust innover land, vart «borte», i den lune skyminga. Og at storhavet kunne vere skummande, truande grått og livsfarleg for alt levande, vart nesten utenkeleg i det bleikrosa lyset frå horisonten over blikkstille hav....


Drømmen om Elin. Lille vakre Anna. Og Trønderbrura. Dei mjuke trekkspeltonane til far ein lun vårkveld på ei steintrapp på ytste Stadlandet, set som brent fast. Jaga vinteren bort, og vil for alltid vitne om vår. Nytt liv. Og nytt håp. Linerla kvitra at ho var komen heim. På bøen sprang lamma småmekrande omkring på ustøe bein. Snart venta herlege månader med beite på Stadtfjellet. Snøklokker, krokusar og tulipanar hadde trossa frost og kulde, og titta vonefullt opp i vinterbleike skråningar. Bjørka på spreng til å sprette ut. I dei små beda spira det av liv; vekstar som med hardfør stahet nekta å bukke under på landet sin mest vèrharde plass. Og kusymra farga dei bratte fjellsidene gule……. Ramsalt lukt av sjø, hav så langt auge rakk, og båtane i si jamne ferd rundt Stadt. Og kanskje ein og annan turistbåt, med flaumande lys og svake tonar frå dansemusikk på dekk i det fjerne……


Våren kunne vere lunefull i ytste havgapet. Ei ny mørketid, utallige stormar og endelaust slit for føda på dei små jordlappane ville kome. Men slike kveldar, folk; lyset. Den raude horisonten. Den lune lufta. Livet som vakna. Og «Drømmen om Elin» på trekkspel, gav krefter og mot. Små gleder. Men likevel så store.


Vi står framfor påske. Ein ny vår. Nytt og spirande liv. Ein vinter som kanskje vart ekstra tung, og annleis for oss alle. Og sjølv om både våren, og kvardagen kan by på så mangt, så er det dei fine stundene vi må sjå, og ta vare på, folk! Det er dei som gjev von. Det er dei som får vinteren til å sleppe taket, også i år. Ta vare på kvarandre, folk - og lytt gjerne til «Drømmen om Elin» på trekkspel i kveld!




134 visninger1 kommentar

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page