top of page

Sangen om ein draum…..

Oppdatert: 31. mar.


Meir enn snø og vinterstemning, er minnene frå julehøgtid ytst mot storhavet prega av storm, regn og avberre markar. Men, når Bing Crosby si mjuke stemme og tonane frå «White Christmas» strøymde ut frå platespelaren ein stormfull, mørk desemberkveld, ja då folk – då vart det likevel jul i stova! Og, sjølv kor langt det var «over there»; på den andre sida av Atlanteren, var det nett som vi fekk ein liten bit av amerikansk juleånd rett inn i sofakroken, i ei lita bygd på nordsida av Stadlandet.


Åra har gått, men sangen er framleis like populær. Den ultimate julesangen, vert den ofte kalla. Mjukt nostalgisk. Litt melankolsk. Lengtande. Og treff oss midt i folkehjartet. Sangen om kvit jul. Glitrande tre. Ventande born. Klingande dombjeller. Julekort. Og lukkelege dagar.


Bing Crosby sang den fyrst; 1. juledag i 1941. 18 dagar tidlegare vart Pearl Harbor angripen; og Amerika gjorde sitt inntog i 2 verdskrig. Ein fredssang i krigstid, sa Irving Berlin, sangens opphavsmann. Men, at White Christmas skulle bli ei av verdas bestseljande plater nokon sinne, kunne nok verken Bing Crosby eller Irving Berlin førutsjå.


Irving Berlins eigen bakgrunn var langt borte frå idyllen som White Christmas symboliserer. Israel Baline var hans døpenamn, og han var fødd i djup fattigdom i russisk Sibir. Han kom som flyktning til USA, men oppveksten på Manhattans lower east side, vart tøff. Etterkvart skulle Berlin gjere stor suksess og bli ein berømt sangskrivar. Han gjorde ei enorm klassereise. Men, som jøde, feira han ikkje eingong jul. Og som vaksen fekk 1 juledag ei heilt annan tyding for Berlin;. ein dag med sorg. Dagen då hans einaste son døydde som liten og som han resten av livet markerte i vemod ved sonens grav.


Korleis kunne han skrive tidenes julesang, folk? Kanskje fordi det er sangen om ein draum? Vakkert, javisst…. Men, for mange vert aldri jula så kvit. Tretoppane aldri så glitrande. Og dagane aldri så lukkelege. Og, som fattig immigrant, hadde Berlin bittert erfart at avstanden mellom draum og røyndom kan vere stor. Han visste at livet kunne vere ein kamp. Ein sosial kamp, der somme menneske og grupper måtte strebe etter sosial aksept.


Vi kan anta at Berlins eiga historie, og eigne draumar i tøffe livskår, danna eit ørlite bakteppe for sangen som han skreiv. Og, som den gong då, kan draumen om ei god jul vere fjern for mange. Kanskje har vi lett for å gløyme nettopp det, i vår streben etter den perfekte jul? For – det er ikkje berre dei gode kjenslene som vert så mykje sterkare i høgtida. Sosiale skilnader. Savn. Sorg. Einsemd. Vemod over alt som ikkje vart slik som ein gjerne ynskte, vert sterkare i jula. Og tapet av dei som vi så gjerne skulle hatt med oss, følest ekstra sterkt.


Nei. Jula vert kanskje ikkje så kvit…. Tretoppane ikkje så glitrande…. og alt vert gjerne ikkje så perfekt som vi kanskje kunne ynske. Men, jul vert det, likevel, folk! Og, kanskje treng vi draumen om det vakre? Og, enn om både du og eg kan gjere litt for at nokon som treng det, kan kome litt nærare draumen om ei god jul i år?


Med ynskje om ei god adventstid – og ei god jul til alle!

2 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page