top of page

De og vi? Om utkant og politikk

Oppdatert: 31. mar.



«De gløymer at det bur folk i utkantane!» Ropte han. Den eldre herremannen såg beint på meg. Han var over gjennomsnittet engasjert! «De forstår ikkje at det de driv med er det reine vanvit! Kva er det de tenkjer på?» Sa han. Til meg. Som stod der i parti t-skjorte og med partiprogrammet i hand. Han sa det til meg! Til meg - som eigentleg skjønte så vel kva han snakka om! Men, det visste ikkje han! Og, nett no brydde han seg heller ikkje. For – der eg stod på ein valkampstand i ein av landets største bydelar, og velmeinande ville dele mi politiske overtyding med andre i forkant av årets val, så representerte eg «dei». For han vart eg del av eit politisk apparat, som mannen hadde tapt trua på for lengst. Han var komt langt forbi stadiet der han brydde seg om partia sine program. Blikket hans sa det meste; meir enn sinne gav det uttrykk for maktesløyse og fortviling. Oppgitthet over eit politisk Noreg som i FOR LANG TID har ført ein distrikts-politikk med nådelause konsekvensar for utkantane. Ein politikk som har fremja sentralisering, samanslåingar og stadig aukande utarming av ytre strøk.


Historia han fortalte, føya seg berre inn i rekka. Ei historie eg sjølv hadde sett, med eigne auger, i ein annan del av distrikts-Noreg. Om ein rastrua og trafikkfarleg veg til bygda han budde i, som hadde krevd fleire offer. Ein veg som hadde vore eit tema i årevis. Men, ingenting skjedde. Og, i påvente av ingenting, vart bygda gradvis fråflytta. Dårleg samferdsel. Dårleg levegrunnlag. Stadig lenger veg til naudsynt helsehjelp. «Det er ingen som kan leve av å danse rundt i bunad for turistar, og selje nykokt torskerogn i nordvestkuling og regn». Ropte han bak skuldra då han gjekk. Attende til ein del av det fråflyttingstrua bygde-Noreg. På vegen, som enno var like trafikkfarleg som den var i går. I fjor. Og for fleire tiår sidan. Eg ville så gjerne seie at det er dette vi vil gjere nok med! Og, eg visste at om han hadde gitt seg litt meir tid, hadde han nok kunne fortalt om korleis det eingong var. Om at det som no var ei bygd i utdøying, gjerne berre for nokre tiår sidan hadde vore eit lokalsamfunn med yrande liv. Om småbruk i drift, nyslåtte teigar, og smålam som spratt rundt på ustøe bein. Om sjarkar ved kaia, og latter og liv frå fiskemottak. Om lukta av fisk, diesel og ramsalt sjø. Og om næringsvegane, møteplassane, serviceplassane og velferdstenestene som gradvis forsvann.


Når vart det vi og dei, folk? Korleis kan avstanden mellom det politiske maktapparat og den vanlege kvinne og mann i utkants-Noreg opplevast så stor? Og kva kan vi gjere med det? Eg kan ikkje gje eit svar, folk! Men, maktesløysa og fortvilinga i blikket frå møtet på standen, fulgte meg heilt heim. Det vitna om noko eg visste frå før. Det SKAL ikkje vere vi og dei i Noreg, folk! Vi må ta auken i ulikskap på alvor, og jobbe aktivt for ei meir rettferdig fordeling, på fleire plan. Og - kanskje meir enn berre dei som kom, heldt ei velskriven tale, og gjekk, treng vi dei politikarane som kan trekke opp referanser som er gjenkjennbare for utkantane i Noreg. Vi treng også dei som ikkje kun har gått på den «rette sti» – og lært politikarfaget frå skulebenken. Vi treng dei som kjenner dei lokale kodene, språket, og veit kvar «skoen trykkjer» mest. Ikkje minst treng vi politikarar som verkeleg bryr seg! Som er opne for folkemeininga, og som ikkje trur at Oslogryta er referanseramma for forståing av kva som er gode løysingar i vårt vidstrakte land. Kanskje vil avstanden til Løvebakken verte litt mindre då? Kanskje er det då – at partiprogramma verkeleg får ein reell validitet? Når vanlege folk verkeleg vert sett! Og - kanskje er det fyrst då at trua på ein meir livskraftig distriktspolitikk kan tennast på ny? Det SKAL ikkje vere vi og dei i Noreg! Og - det SKAL nytte å vise engasjement!

6 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page