top of page

Skinnhua til far

Oppdatert: 31. mar.



I instegangen, rett ved utgangsdøra, hang det ein stor knagg i huset i Eltvik. Der vart kjeledressar og andre arbeidsklè hengt opp, lett å hive på seg, til både fjøsbruk og anna arbeid på sjø og land. I alle år var dette òg den faste plassen til ei gamal skinnhue. Ikkje så pen lenger, prega av tidens tann, litt stiv i skinnet, og falma i fargen. Men, fullt ut brukbar. Og brukt vart ho, i sær gjennom dei stormfulle vintermånadane i ytste havgapet på nordsida av Stadlandet. Det var skinnhua til far. Ingenting kunne verne meir mot både kulde og blåst. DET var det ingen tvil om! I fylgje far. Godt fora, med garva skinn, og øyrelappar som kunne knytast under haka. Og gav nordavinden litt tål, og det vart temperaturar som var til å leve med, kunne både øyrelappane og skjoldet bindast opp.


Hua var frå far sine ishavsdagar. Far fekk ofte ein eigen glans i augene, når han fortalte om turane «opp i isen» på selfangst. Om ishavskutene Sjannøy og Aarvak. Om utfarten, kring 20 mars; frå gryande vår her heime, til isødet i Vesterisen. Om krevjande isforhold og tøffe stormar. Og om gleda ved å kome heim når turen hadde vore god. Var ein heldig, kunne ein få full fangst berre på nokre veker. Men, tidvis kunne ein tur vare til langt ut i mai. Mang ein gong fann han fram albumet, med bileter frå tida på «Ishavet». Og kvart bilete, var ei lita historie i seg sjølv. Smilande karar i arbeid med fangsten på dekk. Endelaus is. Eit spektakulært landsskap. Karar med hakapik og selkrok, langt ut på drivande isflak. Grønlandssel og Klappmys. Whitecoat og Blueback, var ord som hyppig vart brukt i far sine forteljingar. Dei unge karane som smiler imot meg på biletene i far sitt ishavsalbum, er blitt gamle no. Nokre har gått bort. Og med dei er mange historier frå ishavsturane i ferd med å svinne hen. Men, blikka til karane på biletene i albumet, folk - taler enno sitt tydelege språk! Dei vitnar om både vågemot og kanskje ein smule eventyrlyst!


Vesterisen vert skildra med den største respekt, av ishavsfolk; feltet med den tøffaste isen, dei verste stormane og dei barskaste forholda. Karane som reiste på ishavet, visste at dei la ut på ei farefull ferd. Dei hadde ingen garanti for å kome vel heim. Men bileta vitnar også om noko meir, folk; at selfangst var ei tydingsfull næring. Ei næring der fangstfolk langs kysten på nordvestlandet også fann sitt levebrød, gjennom generasjonar. Innkoma frå selfangst, var kjærkomen for kystfolket. Både skinnet, kjøtet og ikkje minst spekket hadde verdi. Spekket var næringsrikt, og vart også nytta som olje til drivstoff. Vesterisen, isen i området Jan Mayen, og inn til Grønland, var skutene frå Nordvestlandet sitt fangstområde. Eit område der vèrgudane kunne vere nådelause, og forholda ekstreme. Ismassene i Vesterisen har rive seg laus frå Nordpolbassenget, og kjem drivande med straumen sørover. Dei største flaka som isen fører med seg, kan stikke over ei mannshøgd over vatnet. Dette kallast Polarbaksen. På kalde dagar, frys også vatnet kring polarbaksen og vinterisen til nyis. Når Vesterisen etter kalde og stille dagar vert utsett for opprørt sjø, vert nyisen brekt opp, og det dannast isgraut. Om storm bryt laus, kan dei veldige ismassane bli pressa saman. Og, var det ein ting som var sikkert, så var det at vårstormane kom, medan skutene var på fangsttur! Påskestormane i Vesterisen var årvisse; det vart liksom ikkje påske før ein hadde hatt ein storm, sa far. Nordausten er den sterkaste og farlegaste vinden i Vesterisen. Når stormen kom, var det viktig å finne ein plass i ly inne i isen - med lite dønningar – men heller ikkje så langt inne at skutene kunne ise seg fast. Å fylgje med vindforhold og barometertrykk var umåteleg viktig! Trass i alle hjelpemiddel skutene har i dag, seiest det at skipparane enno har eit nærast heroisk forhold til barometeret; det reagerer umiddelbart på forholda.


Det gjekk ikkje alltid bra. Mange skuter med mannskap kom aldri heim. I 1917 kom 6 skuter vekk på ishavet. 74 mann døde. Mange frå Sunnmørstraktene. Dette var før radio var vanleg om bord. Folk heime forstod ikkje at ei katastrofe hadde skjedd før langt ut på somaren, då dei andre skutene hadde vendt heim. Forlisa i 1952, har også skapt varige spor i ishavsmiljøet. 5 båtar forsvann sporlaust under ein storstorm i Vesterisen i byrjinga av april 1952. 78 menn omkom. 46 koner og 98 umyndige born mista sine forsørgjarar. Restar etter skutene vart aldri funne. Ingen av dei sende ut naudmelding over radio. Heller ikkje i dag veit ein sikkert kva som skjedde. Trass i farer, og tragedier, var det stor stas når ishavsskutene vendte heim. Ein eldre ishavsmann frå Sunnmøre skildra det som «vårens vakraste eventyr», når båtane kome attende frå selfangst, og skulle gjere klart for levering. Eit yrande folkeliv i hamna! Lukta av spekk og høge haugar med selskinn...


Lukta av spekk er sjeldan ved fiskebudene på Nordvestlandet i dag. Skinnhua til far, og eit gamalt ishavsalbum, fortel om ei tid som er forbi på desse trakter. Ei tid, som yngre generasjonar kanskje veit lite om. Eg skulle ynskje at eg hadde spurt enno meir, då far fortalte. I mitt stille sinn, kan eg kun tenke meg korleis det var; hardt arbeid, enkle forhold, tidvis dramatikk, mykje glede når fangsten var god og alt gjekk godt. Og sterkt samhald mellom karane, som måtte stole på kvarandre. Mange av dei knytte varige band, og heldt på kontakten livet ut. Og - det er ikkje utenkeleg at praten ofte streifa kring nettopp "vårens vakraste eventyr"...



15 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page