top of page

Samband med verda

Oppdatert: 31. mar.


Står du på Storeneset, og betrakter vegen som går vidare utover mot bygda Eltvik ytst på nordsida av Stadlandet, kan du få visse assosiasjonar til Caprinos «Flåklypa Grand Prix»! For - midt mellom brattaste fjellskrentane og det skummande storhavet nedunder, kronglar den smale vegen seg fram. Vegbana gjev knapt nok plass til ein bil i breidda. Og utfordrande kan det bli, dersom det skulle slentre til med møtande trafikk! Særskilt dersom ingen vil rygge - til ei av dei ytterst fåtallige utkøyrslene langs Stranda.


Men, spektakulært ER det, folk! Vegen buktar seg gjennom vill og vakker natur. Frodige fjellsider, som skiftar ham etter årstidenes variasjonar. «Bille-hammaren». «Bogjen». «Aksla» og «Storeneset». Namn, frå gamalt, på stader langs Eltvikstranda. Vidt utsyn over Stadthavet, stundom stormfullt, grått og brytande mot fjøra. Eller stille, glitrande og tindrande blått. Ein vakker solnedgong frå Storeneset, ber du med deg i hartet for alltid! Og tunnelen, midtveis i Stranda, er noko for seg sjølv; einaste på Stadlandet, gjennom fleire tiår. Smal, og lågt under tunneltaket, og no totalt uframkommeleg for stor-bilar av dagens dimensjon.


Javisst er det vakkert! Men, folk som køyrer Eltvikstranda ofte, veit at naturkreftene kan vere nådelause. Særskilt på vinterstid. Både snøras frå fonner oppe i høgda, og steinsprang er ikkje reint sjeldan. Og – ingen sikringar er sett opp, på over 60 år der vegen har vore i drift! Å «sigle» gjennom Eltvikstranda på ein isete veg, med mangelfullt autovern, er ei sjelsetjande oppleving, som ein sjeldan gløymer.


Ein må undrast over korleis det eigentleg gjekk til, den gongen vegen vart bygt, til ein av våre ytste utpostar på Nordvestlandet? Eltvik var ei av dei siste bygdene på Stadt som fekk vegsamband. Berre vegen til Indre Fure kom seinare; farbar i 1967. Vegen frå Leikanger til Tungevåg, vart ferdigstillt i 1936, og tyskarane laga veg vidare til Storeneset under krigen. Det gjekk eit trakk gjennom Stranda; med tauverk over utsette parti. Men ofte gjekk turen over fjellet til Ferstad, eller over Skaret til Honningsvåg, for bygdefolket i Eltvik. Elles vart sjøvegen nytta, når vèret tillot det. Vegen gjennom Eltvikstranda til Tungevåg vart offisielt opna i 1959, men vart truleg påbegynt i byrjinga av 1950 talet, og farbar i 1956. Så mange att å spørje om korleis vegbygginga gjekk føre seg, er det diverre ikkje no. Men, at det måtte vere eit krevjande og til dels farleg prosjekt, DET er ikkje vanskeleg å forstå! Det seiast at ein del av midlane til vegen vart løyvde av statens Hamnevesen, som såg det tenleg at Eltvik-folket fekk tilgong til den lune havna i Borgundvåg. Men, dette var langt frå nok til å få vegen ferdig. Bygdefolket, både i Eltvik og i Tungevåg, måtte sjølve arbeide på vegen, og gjerne stille med både reiskap, hest og kjerre. Dei som ikkje vart med i arbeidet, måtte betale. Og, arbeidsmengd vart rekna ut etter kor stor skuldmark ein hadde. Det kunne koste ein dyrt, dersom ein ikkje gjorde plikta si! Også frå andre stadar på Stadlandet, deltok arbeidslag. I arbeidet med tunnelen, trengdest imidlertid fagkunnskap. Ein fagmann med ekspertise; ein syning, vart innlosjert hjå lokalfolk, for å bistå med dette.


I mitt stille sinn, kan eg berre tenkje meg korleis det var, folk! Det var ei anna tid! Tungt arbeid, steinflytting og graving med rå handmakt, utan mekanisk hjelp. Rasande uvèr. Utsett og farleg, for både liv og helse, i brattaste floga som gjekk rett i fjøresteinane. Ein familiemann frå Eltvik fall utfor og døydde under arbeidet, på eitt av dei mest utsette partia, Aksla. Det sette djupe spor i bygda og i folket som arbeidde med vegen. Det måtte likevel vere ein gledens dag for folket i Eltvik då vegen var klar, heilt til Storeneset. Kvardagen vart lettare, med vegsamband ut av bygda. Men, det skulle enno ta nokre år før nokon tok ansvar for vegen – med grusing, og pløying på vinterstid. Det kan forteljast om dramatiske historier, ved sjukdom, der Stranda var «igjen-snøa» og uframkommeleg for transport. Ein gong det stod om livet til ei ung kvinne, mi tante, var gode råd dyre, og tida knapp. Bygdefolket frå Eltvik og Tungevåg byrja å spade seg gjennom snøfonnene for hand, frå kvar si side av Stranda. Folk frå Honningsvågen kom til, og kvinna vart båren på båre gjennom Stranda, til møtande bil i Tungevågen, som frakta henne til sjukehus. Det endte godt!


Eit nytt kapittel i historia var i gang, folk! Vegen vart hyppig nytta, av både syklande og gåande. Hest, slede og kjerre vart nok mykje brukt dei fyrste åra, men ikkje minst opna vegen for at folket i Eltvik også kunne skaffe seg bil! Automobilen hadde ankome Stadlandet for ei årrekkje sidan, i bygdene som hadde veg lenge før. Det seiest at den fyrste bilen som køyrde utover til Stadlandet, var ein Chevrolet personbil frå Måløy. Året var 1925. Og i 1927 vart den fyrste bilen kjøpt på Stadt. No var det endeleg Eltvik sin tur. Også ruteferdsel med buss vart starta opp, eingong på slutten av 50 talet.


Lite har diverre skjedd med vegen, sidan den opna på 50 talet. Bygdefolket må leve med rasfare, der ein ferdast på eige ansvar. Likevel - vegsamband med omverda gjorde livet lettare. Og vegstrekninga mot Leikanger har skapt glede, men også sorg og tragedie. Eltvikstranda kan by på så mangt, folk! Ikkje minst møte med naturelementa, både i storm og i stille. Men, ein gåtur gjennom Stranda; ein fin vårkveld, der kusymra så smått er i ferd med å farga fjellsidene gule, og solnedgongen ut mot Hesten fargar horisonten raud – ja, DET er i alle fall magisk for meg, folk!



52 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page