top of page

Storbåra

Oppdatert: 31. mar.




«Hald deg for all del unna storbåra»…… «Og ikkje terg ho!» Eg kan nærast høyre min far si stemme, i det gangdøra slo att i sterk nordavindskuling. Barndomen i den vesle bygda på nordsida mot Stadhavet, var fri og god. Visst kunne det bli einsamt iblant, på ein utpost i verda - der folketalet etterkvart kunne teljast på to nevar. Men, tida fall aldri særleg lang. Årstidene sine skiftingar forma kvardagens gjeremål – som ein tidleg måtte ta del i, både på sjø og land. Ein lærte å bruke slåmaskin og traktor. Å ro. Og å bruke påhengsmotor. Ein lærte å symje, på sjeldne dagar der sjøen låg stille ved moloen. Ein lærte å blande maursyre - utan å bli blind! Ein lærte å slakte ein sau…... Men, storbåra - som kunne slå langt innover land – DEN skulle ein vere varsam med, folk!


Tidene har endra seg. I dag trekk storbåra på Stadt til seg tusenvis av menneske, året rundt. Surfeinteressa har eksplodert, og pågangen er enorm. Barnefamilier. Unge. Gamle. «Alle» vil lære å surfe! Og eit møte med bylgjene, folk, må bookast månader i forkant! Du kan få heile pakken: overnatting, surfetimar, brett, våtdrakt, sko og hanskar. Men, best er det å eige sjølv. «Shortboard», «funboard», langbrett eller «SUP»? Ulike former på «nose» og «tail». Og - kva volum og material? Det er tid for å kome med ei innrømming, folk: eg veit knapt fram eller bak på eit surfebrett!! Det er heilt sant - sjølv om eg er fødd og oppvaksen på Stadt. Og, det interessante er at ein eller annan gong mellom barndomens respekt for storbåra, og no, har nettopp DET byrja å følest som nesten litt skamfullt! Til min store irritasjon. Og, mistyd meg gjerne rett - sjølvsagt beundrar eg surfing som sport! Eg forstår gleda og mestringskjensla i å beherske kunsten. Det er fantastisk å sjå nokon padle seg inn i ei bylgje, rett før den bryt – og elegant kome glidande inn mot land. Eg forstår kjensla av fridom i møte med naturelementa. Dessutan ……vart eg så inderleg begeistra for Patrick Swayze i surfefilmen «Point Break» på 90 talet….


Men, med all respekt for flotte surfemiljø, folk – må eg likevel undre meg på….. om surfing kanskje er blitt det nye mantra for allmennhetens trang til å realisere seg sjølv? Liksom øvst på ferielista for «to do» ting - for den vanlege kvinne og mann, med born og gjerne hund - som vil ha sjølvrespekten i behald….? ……Og, kanskje eit «short», «fun» eller «longboard» i garasja, vert som eit aldri så lite monument over eit image, ein gjerne vil ha? I alle fall kan vi fastslå at å booke seg kvalitetstid for livsnyting ved det norske storhavet, er eit nyare fenomen – som står i kontrast til det livet som vart levd der før……ikkje lenger borte enn vår eigen barndom.


Nei. Det er slett ikkje det at eg ikkje likar surfing! På ingen måte, folk! I draumane skulle eg gjerne tenke meg å kome slentrande til «Line up», i mi nye våtdrakt og mitt flotte epoksy-brett….Tatt ein «curl», kanskje nokre «sections» eller slått til med ein «shore break» - heilt inn til land…..Lete håret tørke litt i sol og vind – før eg, fri som fuglen, reiste vidare til neste strand på jakt etter nye bylgjer…..Men, etterkvart som åra går, så trur eg det må bli i draumane, folk….. og i alle fall ikkje før barndomens respekt for å passe seg for storbåra har slept litt meir taket……. 😉….



11 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page