top of page

Rocken og eg!

Oppdatert: 31. mar.



Musikk har stor tyding, folk! Gjev glede når livet blomstrar og er vakkert. Trøyst når kvardagen ikkje spelar på lag. Lindring når livets lunefullhet gjer oss sårbare. Og håp, når det kan sjå som myrkast ut. Musikk lagrast i oss - som livslange minner, som vi innimellom hentar fram. Kostar støv av. Og mimrar om det som eingong var….


I min musikalske «minnebank», har rocken ein spesiell plass. Og – i mine aller fyrste «rockeminner», står den store taklampa i stova i Eltvik sentralt. Dei blytunge, mørke gitarriffa frå Tony Iommi fekk nemleg taklampa i finstova til å gje frå seg ein jamn, dirrande lyd. Enno betre var det om Creedence Clearwater Revival kom på. Særskilt "Run Through The Jungle" vart i tillegg til sterke vibrasjonar i taklampa, lett akkompagnert av ei lysare klirring frå porselenkoppane i seksjonen langs veggen. For ikkje å snakke om når Lynyrd Skynyrd sin "Free Bird" gjekk på repeat, og ein nærast kunne tru at Allen Collins fantastiske gitarsolo aldri ville ta slutt. Og akkurat på det punktet der både porselen og taklampe tyktest å nesten nå sitt berepunkt, kakka mor i trappa, med tydeleg beskjed; skru ned! Ikkje lenge etter lydde ofte den uforgløymelege lyden av dongeribukser med sterk sleng og platåsko på full fart ned loftstrappa……


Under den dirrande lyskruna i stova, starta altså mi «musikalske reise», eingong på 70-talet. På loftet spelte nemleg storebrorane musikk. Den gong gjekk det i kassettar. Plater og lydband. Radio Luxembourg - London og Caroline. Og BBC3. 70-tals-musikken var enno for «stor» for små barneøyrer. Lite visste eg då om at framtida ville sjå på Tony Iommi som tungrocken sin far. Han spelte venstrehendt gitar. Fyrst mange år seinare fekk eg vete at han tidleg i karriera hadde mista fingertuppane på si høgre hand i ei ulukke. Han la likevel ikkje bort gitaren, men fann istaden på ein måte å lage «kunstige» fingertuppar. Og hadde ikkje Tony Iommi gjort nett det, hadde kanskje aldri gruppa Black Sabbath sett dagens lys. Ikkje visste eg, den gong, at "Free Bird" seinare skulle bli sørstatsbandet Lynyrd Skynyrd sin signaturlåt; ein song dei spelte avsluttingsvis på alle konsertar for å hedre sine bandmedlemmar som gjekk bort i ei tragisk flyulukke i 1977. Og ei heller visste eg noko om at albumet Cosmo`s Factory, der "Run Through The Jungel" inngjekk som singel, skulle bli kåra som eitt av tidenes beste album. I minnene frå barndomen, framstår 70 talets musikk på brorane sine rom som eit spanande univers. Jimi Hendrix-plakaten på døra; ei legende allereie då. Ein av verdas beste gitarister, og største inspirasjonskjelder i rockens historie, trass i sitt korte liv. På motsett side av romet trona Ritchie Blacmore, den gong enno del av Deep Purple, seinare Rainbow – men for all ettertid rekna som ein av musikkhistorias mest innflytingsrike gitaristar. Den «heilage» platekassa under Tandberganlegget sådde musikkspirar i eit ungt sinn; Bowie. Pink Floyd. Rolling Stones og The Doors. Og norsk rock, som Prudence og Aunt Mary. 70-talet var også meir enn Rock. Kven kan vel gløyme Baccara, popduoen frå Spania, som leikent dansa oss gjennom "Yes sir I can boogie og Sorry I`m a lady"…..


Jau. 70-talet var ein musikalsk gullalder. Det er ingen tvil. Musikk som for alltid vil leve vidare. Som nådde fram til ytste utkantane i Noreg for over 40 år sidan. Og som toler tidens tann. Det kviler ein slags enkel, universell og evigvarande magi over 70-tals-rocken. Kanskje relatert til forholda i tida? Musikken ber med seg eit streif av den tids samfunnskonflikter. Vietnamkrigen. Politiske omveltingar. Og kanskje den evige eksistensielle søken etter fridom? Og- når livet snur vrangsida til, dagane er grå og ein lurer på kvar vegen skal gå….Ja, då folk, kan i alle fall ein god gamal Creedence song; som "Long as I can see the light", gje litt trøyst og håp for meg! Og høyrer eg riktig godt etter, er det nett som eg også svakt kan høyre dirringa frå taklampa i finstova frå barndomen……

10 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page