top of page

«Ringo Lima – 10-33-4…. Er du der? Over!»

Oppdatert: 31. mar.


«Stasjon: Ekko Alfa. GMT: 23. Dato: 12 aug.1973. Kanal 3: Kiruna, Sverige. Fin kontakt». «Stasjon: Papa Oskar. GMT: 24. Dato: 17 nov.1973. Kanal 3-17: Båtsfjord. Finfin kontakt». «Stasjon: Tango. GMT: 01.40. Dato: 14. juli 1974. Kanal 6 -17. Færøyane. Fin kontakt, men vart brote på 17…»....


I nedste skuff på eit gamalt nattbord på loftet, dukka ei godt brukt skrivebok fram. Sirlege og nøyaktige notatar; Klokkeslett. Dato. Kanal. Stasjon. Og kontakt. Og inni boka, ein bunke små kort. Merka med Ringo Lima – 10-33-4, samt teikning av eit lokalt motiv. Det bringa tankane tilbake i tid, folk..…. Til kveldar framfor kamina i ytste havgapet på nordvestlandet på 70 talet. Best var forholda ved klarvèr. Og når høgtrykk slo inn … For – det gjorde «Skippen» særleg bra. …Kor langt kunne ein klare å nå frå ein liten utpost, ut i den store verda?


Vi snakkar Zodiac P-2003! Transportabelt handapparat på batteri. Zodiac M-2003; mobil radio bordapparat var også vanleg i bruk. AM. 3 kanalar. Og 2 Watt – som var den største lovlege effekt i Noreg, på den tid. Apparata hadde rekkevidde på nokre mil. Og på kysten vart dei mest nytta som kommunikasjonverktøy mellom heimen og når karane var ut på «sjøna». På Vestlandet var kallekanalen vanlegvis 3. Vi kalla opp….spente på svar… «Ringo Lima – 10-33-4. Er du der? Over!» Gjekk det bra utpå? Var det mykje sjø? Hadde karane fått «rått»? Kunne mor gjer klart for damping av fersk fisk? Kanskje vart det både Kams og Rogn i dag? Ein kunne også berre «lytte». Det var interessant i seg sjølv. Sjølvsagt var det reglar for kva som kunne bli sagt, slik på «lufta». Men, ein måtte ha tunga beint i munnen - rett som det var kunne ting kome ut feil. Slik som fiskaren som hadde fått meir enn fullast med sild – mellom lokalisasjonane «Kjerringa» (Vestkapp) og «Gamla», ein stad utfor Furestaven. Det kom ut slik at han «hadde kleia seg fast mellom «Gamla» og «Kjerringa», og trengde hjelp for å kome seg laus»….. Det var ikkje alt som eigna seg for små barneøyrer…..


Men, når vèrforhalda låg til rette, folk, og «skippen» var god, kunne desse apparata nå særdeles langt; Færøyane. Sverige. Finnmark og Nordland. Nederland. Og endåtil Italia! Særskilt kanal 11 kunne bli aldeles ubrukeleg for lokale samtaler når «skippen» var god, og italienarane var «på». «Søta bror» hadde lov til å sende med 5 watts apparat, til både irritasjon og misunnelse for oss lenger nord. Og – turar over Svinesund vart det nok hjå somme, for å «kvalitetsoppdatere» utstyret, etter beste skjønn. Ja, det var slett ikkje uvanleg å «avansere» til både 5 – og 10 watt! Og enkelte tok det heilt ut – med «bestemødre» på 100 watt… DÅ var ein konge på haugen, folk!


Ein kunne skifte ut kanalar; opne walkien og byte krystallpar– 3 til mottak og 3 til sending. Sende på ein frekvens, og motta på ein annan. Og utanpå walkien – ein brytar der ein veksla mellom kanal. Antenne på tak gjorde mottaks- og sendeforhold betre. Men, det var eit usikkert prosjekt, dersom Teledirektoratet ikkje hadde godkjent….Og, strenge var dei – mulkt vanka dersom ikkje alt var innan lova sine grenser! Ja…Frykta for Radiostøykontrollen – og peilebilane frå Teledirektoratet låg der konstant…. Ein del av «gamet» - og kanskje ikkje reint så liten del av sjarmen…. Varslingssystemet for når peilebilane var observert i området, vart etterkvart særdeles godt fungerande - via jungeltelegrafen….


Ja….Det var mange gode minner…. Og nokre ikkje fullt så bra! For – det kunne bli noko til spetakkel, folk, når signala «slo inn» på naboens fjernsynsapparat, radio eller stereoanlegg! Flimring og skurring, og umogleg å verken sjå eller høyre noko så helst……Ja, DÅ kunne det gå ein smule varmt i nabolaget!


Men, mest hugsast spaninga…. Finstillinga av antenne…..Forventinga…. Og gleda når ein fekk kontakt. Det vart knytt mange varige band. QSL-kort var vanleg å sende; ei skriftleg bekrefting på kontakt, signalstyrke, lesbarhet på samtalen og tidspunkt. Nokre laga kortet sjølv, med eigeprodusert lokalt motiv. Andre sendte postkort frå staden. Men, opptrykk av lokale QSL kort var slett ikkje eit uvanleg oppdrag for ei lokalavis som Fjordenes Tidende på 70 talet….


Det er ei svunna tid, folk! Snart nærast gløymt….Det var før mobiltelefon. Før internett. Og før allverdas sosiale medier som omgjev oss i dag. Før vi kunne få verda inn med berre eit trykk. Likevel - på eit vis, var kanskje walkie talkie eit av våre fordums tiders fyrste sosiale medium. Eit slags 70-talets facebook, på sett og vis…. Ein nådde ut. Fekk kontakter. Eit sosialt rom. Og - kanskje ikkje minst – smaken av ei ny tid…der stemmer frå verda kom lukst inn i sofakroken, sjølv på ein utpost på ytre Stadt…..

11 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page