top of page

Frå Tumbatu - til ytste Stadt...

Oppdatert: 31. mar.


Eg fekk eit armband av Tumbatuperler - frå strendene på Zanzibar! Historien seier at perler vart frakta som handelsvare over det indiske hav. Men nokre skip sank på dei skarpe reva inn mot øya Tumbatu ……. Sidan har perlene blitt skylt inn mot land med mosunen, kvart år. Tumbatus kvinner finkjemmer sanden. I steikande sol….Med tolmod og uthaldenhet, grev dei fram små skattar. Perle for perle; slipt av havet gjennom århundrer. Og kvar og ei, med si unike form, vert sett saman til vakre armband. Slik har kystkvinnene i Tumbatu livnært seg gjennom generasjonar….


Det er langt frå øyane i det indiske hav – til dei ytste utpostane på nordvestlandets vèrharde kyst, folk! Men armbandet frå Zanzibar fekk tankane i gong…Til andre kvinner. Med andre liv…. Andre historier. Men likevel noko som er likt… For - på ei strand, ut mot Stadthavet, skodar ei anna kvinne utover endelaust hav. Statuen av «Sammel-Marja», eller Marie Jakobsdatter Ervik, vitnar om levd liv. Om tap. Og om styrke. Ho mista far. Ein bror. Og tre søner på havet. Det seiest at kvar dag gjekk Sammel-Marja ned på stranda; skodande etter sine kjære, som aldri kom heim. Ho er eit symbol for kvinnene langs kysten sitt liv og historie. Det var våre mødre. Våre bestemødre.....Kvinner som ofra ALT for sin heim! Ei historie som ligg oss så nær….Men som likevel er lite kjend. Kystkvinnene sine ferdigheter. Erfaring. Styrke. Og sårbarhet har fått lite rom i historiebøker.


Det var kystkvinne ho var…..Mi bestemor Sigrid! Sjølv ville ho nok fyrst kalla seg mor. Hustru. Dotter. Men, ho var også ei kystkvinne. Og fiskebonde, i ytste havgapet på Stadt. Fiskebøndene på kysten var i hovudsak kvinner. I den karrige naturen ut mot storhavet, var fiske og gardsdrift ein vanleg kombinasjon. Når mannen drog på fiske, sat kvinner som farmor åleine med ansvaret for alt. Matproduksjon. Kledning. Stell av born og gamle. Og gardsdrift. Dagar fyllt med tung-arbeid; meir tilpassa ein mann. Kystkvinnene var arbeidssame. Levde stille liv. Tiltrakk seg lite merksemd. Stakk seg ikkje fram i det offentlege rom. Men, dei var kystsamfunnet og naturhushaldet sin berebjelke! Pliktoppfyllande. Uthaldande. Og ærekjære. Og som kvinnene på kysten av Tumbatu, brukte dei livbergingsmoglegheitene livet på kysten gav….. Farmor spadde torv. Hausta kvart eit strå på dei små jordlappane. Spedde på med tang og tare når høystålet minka på seinvinteren. Og nytta alt av naturens grøde så langt den strakk til. Dei såg etter «perlene» ….. og gjorde gråstein til gull……


Dei var «fiskerinæringas bakkemannskap», besørga sjølvforsyning gjennom hushaldninga, og hadde ei viktig rolle i fiskarbondens økonomi. Men, fiskeri vart meir historisk synleg, med fangst som kunne målast, vegast og omsetjast i kapital. Kystkvinnene vart eit meir gløymt kapittel i vår kulturhistoriske arv. Og i takt med næringslivets vekst og fråflytting frå utkantane vart kvinnene på kysten sin erfaringskunnskap og kompetanse av mindre nyttig natur. Dei var sterke kvinner, med viktige ferdigheter, men deira rolle fekk aldri samfunnsmessig anerkjenning, status og verdi….


Mi farmor gjorde sitt livsval; eit liv i slit mot naturkreftene i nådelaust vèr. Havet, som gav og tok - og småbruket med sitt livgjevande bidrag til familiens eksistens, vart hennars univers. Som «Sammel Marja» stod ho ofte i fjøra og speida ut; med håp, glede, uro og angst. Slik var kystkvinna sitt liv.


Som bestemor Sigrid sjølv, gjekk mange i ei tidleg grav. Eg lærte henne å kjenne gjennom historiene som vart fortalt. Men, innimellom, folk, er det likevel nett som ho «kviskrar» meg noko viktig i øyret! Om at verdiarven etter våre formødre - kystkvinnene, ikkje må bli gløymd! Kvinner som viste nestekjærleik og omsorg. Abeidssame, sjølvstendige og sterke, utan å bli sjølvopptatt. Som tok vare på naturen. Var nøysomme og opptatt av gjenbruk. Og som fann sine «perler» i dei små og nære ting….

12 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page