top of page

Har du fyr?

Oppdatert: 31. mar.


Høyrer ein riktig godt etter, folk - på dagar der mørke-skodda ligg graut-tjukk heilt inn åt husa - er det nett som ein enno vagt kan høyre den tunge og monotone lyden frå barndomen; Signala frå tåkeluren på Svinøya bar igjennom, sjølv om lysglimta frå fyret var skjult i skoddehavet….


For - ytst i verda, folk…heilt ytst i vest… står ei einsleg fyrlykt og kastar sine klare lysglimt over eit av norskekystens mest vèrharde havstykkjer. Dag og natt. Somar som vinter…. År ut og år inn lyser den opp og gjev signal om riktig lei - når stormane raser og natta er på det mørkaste. Endåtil på lyse somarnetter, der rosa makrellskyar speglar seg i flatt hav, kjem dei trufaste små lysblinka frå den vesle havklippa heilt ytst i storhavet…. Viser veg for farande i skipsleia. Ei trygg leiestjerne, i både storm og stille….Og i eit utsyn som viser hav så langt auge rekk, gjev lysglimta frå den vesle havklippa tryggleik - fyrst og fremst for farande til havs, men også lukst inn vindauga på dei små husa som har klort seg faste på marbakkane ut mot Stadthavet.


Heilt vest i havet, drøye 2,5 mil utfor bygda som ligg ytst på nordsida av Stadt, ligg Svinøya fyr. Mange historier har spunne kring den einslege klippa langt til havs. Gjennom generasjonar har det blitt fortalt om den vakre havfrua som leikar seg i brenningane kring øya, og som tidvis viste seg for slitne fiskarar og gav råd om vèr og vind. For - vèrforholda kan vere ekstreme her, folk, og å kome i land på Svinøya kan tidvis vere umogleg. Det er ikkje for ingenting at fyret vert rekna som eit av Noregs mest vanskeleg tilgjengelege. Heile 18 meter er det frå sjøen og opp til øvste kaikant. Nei! Flatt hav er ikkje kvardagskost på Svinøya! Og nettopp dei ekstremt vanskelege landingsforholda gjorde nok sitt til at det drygde heilt til 1905 før Svinøya fyr vart sett i drift….Då hadde fiskarane i området bedd om å få eit varslingslys på den einsomme klippa langt til havs i fleire tiår, for å unngå forlis. I 1856 vart det sett opp ein 8 meter høg steinvarde på øya. Men, skipstrafikken auka, også på nattestid, og ein steinvarde hadde liten nytte! Og etter ein svært vanskeleg transport og byggeperiode vart endeleg fyret på Svinøya tent, 1. september, 1905.


Ein kan berre undrast over korleis det kunne gå til, folk, å frakte materiale; og å bygge ein fyrstasjon på ein av kystens mest vèrharde plass! Historia fortel at det var eigne fyrbyggarlag som fekk i oppdrag å reise fyrstasjonar – «kystens katedralar» - på forblåste holmar og skjer langs norskekysten. «Havrallere» vart dei ofte kalla, ei nemning som i enkelte strøk av landet enno står i eit ufortent negativ lys. Mange fyrbyggarar kom frå Søre og ytre Sunnmøre, og var fyrformenn, trearbeidarar, steinarbeidarar, kokkar, smeder, maskinkyndige, mannskap på Fyrvesenets skøyter, eller fiskarar i vinterhalvåret. Ofte var dei godt vaksne familiefolk. Kone og born måtte ta seg av husdyrhald, slåtten og slakting heime på små og tungdrivne gardar, medan husbonden var på slitsamt og ikkje reint sjeldan farleg fyrarbeid i somarsesongen frå mars til november.


Eit lite fyrtårn. Fyrvaktarbolig med tre leilegheter. Ei oljebod. Landingsanlegg. Og naust. Dette var det fyrstasjonen på Svinøya opphaveleg romma, folk. Her budde fyrvaktaren med si familie, assistenten med familie og reserveassistenten, som gjerne var einsleg. Med to familier og born kunne det nok bli reint folksomt på den vesle havklippa. Og til dels måtte dei vere sjølvbergande; det kunne gå lang tid mellom kvar gong både proviant og post kunne besørgast. Utan tvil måtte det vere eit hardført, slitsamt og tidvis dramatisk liv. Det forteljast om vindhastigheter på 120 knop; då er det nærast umogleg å bevege seg utandørs. Kjempebylgjer har også vaska over heile øya. Tidlegare fyrmester Pareliussen fortel at eingong kom det ein bygje som nådde heilt opp til sjølve fyrtårnet og slo sprekker i fyrlykta, 46 meter over havet. Og ein storstorm i 1912 knuste oljeboda og naustet. Naustet vart gjenoppbygd i armert betong, og har stått sidan. I 1938 vart det installert tåkelur og dermed måtte det byggast hus for maskineriet. Bemanninga vart også aukt, og ny fyrvaktarbolig måtte byggast.

Dei tøffe vèrforhalda prega nok livet på Svinøya og historia fortel at folk vanlegvis ikkje vart så mange år på dette fyret. I 1952 vart det gjort om til tørnstasjon, og familiene dro i land. Lettare vart det nok også frå 1970, då Kystverket byrja å fly fyrbetjeninga med helikopter til fyret. Det var då to mann på vakt 14 dagar av gongen, og stortsett gjekk vaktskiftene betre enn då dei var avhengig av båt. Likevel hende det nok at vèret gjorde at mannskapet på vakt måtte vente nokre ekstra dagar på avløysing. I 1998 vart fyrlykta automatisert, og fyret vart avfolka i 2004. Og sjølv om lysblinka enno kjem trufast frå den einsame klippa i storhavet, markerte det slutten på ei epoke i norsk fyrvesen si historie.


I snart 120 år har fyret på havklippa ytst i storhavet vore ei lykt på leia. Ei lykt som gjev signal om riktig kurs. Som har berga mange liv til havs. Og, kanskje symboliserer ei slik lykt noko som vi alle treng i liva våre, folk; tydinga av å ha eit fyr! Særskilt når livstormane slår inn, og natta er på det mørkaste…..Eit punkt som er fast... Ei lampe som gløder i myrket, heilt ytst i verda.....Som loser oss ut og fram…. Som tek oss bort og heimanifrå............

Men som også tek oss heim…. 😉.


14 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page