top of page

«Kjildus»

Oppdatert: 31. mar.


Han var kapteinen som hadde segla på alle hav…..Med gull i kvar ei tann. Pertentleg og velkledd. Med Mercedes-Benz og mini-sportsbil på tunet. Som onkel var han eit levande eventyr…. Alltid ei overrasking på lur. Kanskje ei dukke frå ei vest-indisk øy? Eit armband med perler frå eksotiske strøk…..Eller ein pompadur i ekte kamelskinn frå Persia….Han tente gode pengar. Levde godt. Reiste verda rundt. Og då amor skaut blink - til ei smukk telegrafistdame på moderskipet han var kaptein på i Karibien, ja – då var lukka fullkomen….


Men, livet endra kurs! Og i sine siste år, var han mest kjend som «Kjildus»; eit namn frå staden han var fødd. Kapteinen hadde gått i land…. Let hår og skjegg gro. Og kjeledress og islender tok kapteinuniforma sin plass… Lun og jordnær. Alltid med ei god historie på lur – særskilt i møte med borna. Livet på dei store verdshav hadde bringa med seg så mangt… Med lav stemme og alvorsfylt blikk kunne han fortelje om sjørøvarangrep i Stillehavet – og om skatten han eingong fann…..Kista med gullmyntar hadde han enno godt gøymt, kviskra han stilt, og kom gjerne med små hint! Både eventyrlyst og spaning vart tent i mangt eit barnesinn på Søre Sunnmøre på 80 og 90 talet…. For - kven visste … ? Kanskje fantes skatten? Enn om ein fann den - ein vakker dag? Og - om ikkje historier frå dei sju hav gav spaning nok, kunne han gjerne finne på å vise fram hoggormen som låg nedfryst – i frysaren i gangen! Eller den utstoppa krokodillen med vidope gap framfor kaminen – som eingong nesten hadde kosta han ein arm! Han hadde eit særskilt lag med dyra… fuglar i sær; fekk dei til å lande på skuldrane hans – og ete frå handa, trass i om katten låg på lur like attmed….Han laga munnharper av fiskebein, og spelte gjerne ein liten trall, for folk som kom forbi. Og - han laga klokker som gjekk motsett veg - for å ta att det som hadde gått tapt.... I førjulstida var han sjølvskriven julenisse, til glede for både store og små. Og når våren kom, såg du han gjerne med flagrande hår og skjegg i vinden – på den russiske motorsykkelen med sidevogn frå andre verdskrig…..


Men, sjølv om han var sosial og likte å skape litt merksemd, så var han også ein djup tenkjar. Lynande intelligent. Internett - var enno ikkje allment kjent; men Kjildus kunne du spørje om alt! Stod du fast i ei drøftingsoppgåve eller ein stil – ja, då var det snautt å ringe - han fann alltid svar i dei mange bøkene og oppslagsverka sine. Du kunne snakke med han om alt, men den inste døra til seg sjølv heldt han gjerne godt lukka…..

Han vart ein slags bygdeorginal, min kjære onkel Arne….Samla på alt mellom himmel og jord, samstundes som han brydde seg lite om materielle ting. Når huset var fyllt til randen, kjøpte han like godt ei campingvogn - og flytta inn der! Skilnaden frå den pertentlege kapteinen som hadde alt på stell, vart stor. Og folk hadde mang ein teori om grunnen til at livskursen endra seg så markant……Kanskje vart han «metta» av livet i den store verda? Kanskje fann han ut at fin fasade hjelper lite for indre fred? Kanskje søkte han roa, og fann tilbake til sine røter? Men, folk flest meinte at det vonde samlivsbrotet, var det som hadde endra alt for han…..


Kven veit, folk! Kanskje laga Kjildus klokker som gjekk motsett veg av sin personlege grunn? Ville han aller helst skru tida tilbake? Gjere annleis det som eingong var? Eller - vart eit viktig kapittel i hans livsbok avslutta på ein måte som gjorde at han aldri heilt fann fotfeste igjen? Det får vi aldri svaret på……Men, det var nok slik for min kjære onkel Arne som det er for oss alle og einkvar; nokre av historiene i "livets bok" set djupe spor, både på godt og vondt….

43 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page