top of page

Ord om jord, i ytste havgapet

Oppdatert: 31. mar.




«Her låg husa i Eltvik før». Eg kan vagt hugse at det vart sagt, ein kveld vi gjekk og raka i hop tørrhøy til såter, frampå Vollen hans Nils. Det var ein av desse sjeldne, lune somarkveldane, der Stadthavet låg blikkstilt, og solnedgongen farga horisonten raud. Og som ofte før, kom Nils med riva si, og var med å berge tørrhøyet, før nattedogga kom. Så mykje kunne ikkje Nils kome i hug om den gamle busetnaden i bygda, sjølv om han då var ein tilårskomen mann. Det var frå ei tid som han sjølv berre hadde blitt fortalt om. Men, i den stille somarkvelden, der sola rann og myggen stakk, sette orda fantasien i eit barnesinn i sving….. Om korleis det kanskje hadde sett ut før. Om hus som stod tett i tett. Låver, fjøsar og våningshus som delte yttervegg. Om felles teigar, og sameige av dyr. Og folk som budde nærare saman, og som kanskje delte både stove og kjøkkenbord – så vel som livets gleder og sorger, på ein annan måte enn slik vi lever og bur i dag…..


Ser du riktig godt etter, kan du nemleg enno finne spor av gamle husmurar kring det som kallast «Korsen», i bygda som ligg ytst mot storhavet på nordsida av Stadlandet. Som på «Vollen» rett over vegen, der ein også kan sjå teikn etter «gamlevegen» gjennom bygda, som gjekk igjennom ei klynge av hus, samla i Korsen, med det stormfulle Stadthavet som næraste nabo. Det vitnar om ei anna tid. Ei annan buform. Ein annan måte å leve og drive jorda på. Klyngetun - landsbyliknande gardstun, var vanlege kringom i landet fram til sist på 1800-talet. Gardsbruk med hus og driftsbygningar låg i ei klynge omgitt av dyrka mark, som var inndelt i teigar. Ein brukar kunne ha fleire jordteigar, spreidd over heile garden. Gjennom arv, vart bruka oppdelt, og med stigande folkevekst, og stadig nye oppdelingar, vart etterkvart teigane både små og lite avkastande. Det tvinga ei ny Jordskiftelov – og Jord-reform fram, i 1859. Og gjennom dei siste tiåra av 1800-talet vart teigblandinga i stor grad oppløyst. Jorda vart samla under enkeltgardar, der bonden kunne drive gardsbruk, slik han sjølv fann det best.


På garden Eltvik, vart utskiftingsretten sett 21 juli 1880. Det vart ført protokoll; tung, omstendeleg, men spanande lesnad, folk! Frå det fyrste møtet i 1880 står det skrive at «utskiftingsretten i forening med de møtende begav sig derpaa ud paa marken, hvor det efter befaring viste sig at de forskjellige teige for hver enkelt lodeier var beliggende saaledes at udskiftning var høist nødvendig». Det var litt av ein prosess, som gjekk over fleire år, og vart endeleg sluttført 28 aug. 1885. Då var bygda inndelt i 8 hovudbruk, med tilhøyrande lakselot. Ikkje berre vart innmark og dyrkingsland fordelt. Grenselinjene mellom eigedomane vart nøyaktig bestemt. Kvar gjerder skulle stå, og kven som hadde gjerdeplikt mellom eigedomane vart omstendeleg nedfelt. Tilkomstveg til kvar eigedom vart utførleg skildra. Og å ta seg fram over annan manns dyrkingsland utanfor tilkomstveg, var forbode - utanom på frosen mark. Også tilkomst til naust og sjøplass, vart utførleg framstilt. Tare kunne samlast og tørkast langs fjøra for alle lotseigarar, men i tidsromet frå 1.juli til 1 oktober, kunne ingen framlegge tare til tørking, utanom på eigen grunn. Tida for klyngetun og teigblanding var dermed over i bygda ytst på nordsida av Stadlandet.


Ei ny tid var i gong, som fekk tyding både for relasjonar mellom folk, og for landskapet. I stadenfor små, spreidde teigar, vaks det fram større jordstykker – som vart oppdyrka, rydda for stein og inngjerda. Bonden og familien kunne flytte ut av klyngetunet og hegne om seg og sine, på eige bruk. Det var likevel ikkje berre å pakke sekken sin å gå, folk! Nei. Bonden tok også huset, låven og fjøsen med seg til sitt nye bruk! Husa i Klyngetunet vart altså plukke frå kvarandre, frakta til det nye bruket, og sett opp på ny. Og tømmeret i gangen i huset i Eltvik, taler sitt tydeleg språk; med sirleg inngraverte nummer – flytta av min tippolderfar og oldefar, og sett opp på ny. Peder Sandvik måtte flytte to hus, med lade og fjøs. «Nedriving 2 mand a kr. 1.80 i 2 ½ dag», vart taksert til omkostnader på kr. 9. «Transport av trematerialierne 1 mand med hest i 2 ½ døger a kr. 2.40» var pålydande kr. 6. Tilsaman vart flyttinga si omkostnad taksert til i overkant av 450 kroner….


Naturen gjev. Og tek tilbake, folk! Gamle tomter gror igjen. Gøymast – og gløymast, bak mose, kratt og gras. Og samstundes svinn historiene om levd liv bort….. Men, går du der på tunet i Eltvik, og mimrar litt, ein fin somarkveld, når sola kastar sine siste stråler over "Hesten"....ja, då kjem du liksom litt nærare det som eingong var, folk......Historier om slit og nøysomhet. Men, også om glede. Arbeidslyst. Og tilfredshet - over å eige eit stykke jord.....



11 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page