top of page

Forteljingar frå ytste havgapet....

Oppdatert: 31. mar.


"Historier er ikkje berre meint for å få folk til å smile….. våre liv er avhengig av dei» …. sa forfattaren og forteljaren C. Achebe. Og kanskje hadde ho rett! Det seiest nemleg at forteljingar er like gamle som språket sjølv. Verdas eldste kunst-art. Og ein del av vår felles kulturarv. Vitnar om levd liv. Gjennom alle tider. Forteljingane har vandra mellom folk. Frå stad til stad. Overlevert munnleg - frå generasjon til generasjon. Dei eldste bar forteljartradisjonen, og gav den vidare til dei yngre. Historiene var levande. Med personleg særpreg; farga av den som fortalte. Og innhaldet vart gjerne tilpassa forhold i tida og omgjevnadane.


Forteljingane kunne handle om så mangt. Myter og Segn. Eventyr. Lokale historier. Slektsforteljingar. Og historier om dei underjordiske. Folketrua levde lenge ute på landsbygda. Kretsa kring viktige livstema; Kvardagen. Høgtider. Sjukdom og død. Kanskje fekk folketrua ei særskilt tyding på stadar der livet var karrig og vergudane nådelause? Sårbarheta i møte med naturkreftene var stor. Historiene bar med seg noko fellesmenneskeleg; tankar, haldningar og erfaringar. Nøysomhet. Otte. Slit. Men også kjærleik. Glede. Og fellesskap. Dei berørte moral, etikk og allmenne verdispørsmål. Ofte kan vi kjenne likskapar med oss sjølve, i forteljingane. Og historiene fortel kanskje noko om oss..…. på eit djupare plan…


I dag er forteljartradisjonen i ferd med å døy ut. Tidene der folk samla seg kring eldstaden etter lange arbeidsdagar, og dei gamle fortalte om tider som var, er forbi. Historiene vart levande i det lune lyset i skumringstimane; både sagnfigurar og dei som kvilte i skuggane, tok form. Ei god historie skapte indre bileter; ein kunne nærast «sjå det» for seg, det som vart fortalt.


Tidene endra seg. Folk vart skrive- og lesekyndige, og fekk informasjon på annan måte enn gjennom historier som vart fortalt. Vitskap og faktakunnskap tok myter, forteljingar og tru sin plass. Etterkvart vart radio, TV og tidsskrift sjølvsagte innslag i kvar ein heim. Og i dag vert vi overstrøymd av visuelle inntrykk og dramatiske bileter gjennom internett og sosiale media. Javisst har vi tilgang til historier! I større grad enn nokon gong! Men, enn om forteljartradisjonens bortfall likevel har medført tap av noko viktig, folk? Nemleg evna til å skape indre bilete - og dialog i vår eigen fantasi?


Kvifor skrive blogg om små historier frå ei anna tid? Javisst kan vi heller nytte eit oppslagsverk, eller søkje på Google – og få all verdas informasjon om historie og tider som var! Men, forteljingane formidla likevel noko meir; små glimt av levd liv – i eit lite tidsaspekt av vår felles historie. Og enn om nettopp det, er verdfullt å ta vare på, folk! Før det svinn bort! Forteljingane handlar nemleg om vår identitet. Kven vi er. Våre røter. Og det som vi kjem i frå. Enn om vi finn ut, at vi menneske slett ikkje er så ulike som vi gjerne trur....verken før - eller no.....








424 visninger2 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page