top of page

Historia om ein annleis julesang....

Oppdatert: 31. mar.



«Fortel dei om draumen din» skal sangaren Mahalia Jackson ha ropt til Dr. Martin Luther King jr., der han stod framfor monumentet av Abraham Lincoln. Året var 1963. 200 000 menneske lytta spent! I mitt indre kan eg nærast sjå det føre meg, folk; Martin Luther King jr. framfor folkehavet som hadde deltatt i marsjen mot Washington. Forventining og gryande håp om eit betre liv. Dei ynskte endring! Og Martin Luther King gjorde som Mahalia Jackson sa! «Eg har ein draum» …..sa han…. og fortalte om kva han drøymde om….. Draumen om likeverd, rettferd, respekt og fredeleg sameksistens, uavhengig av hudfarge….. I 17 minutt varte talen. Det vart minutt som skulle skrive seg inn i historiebøkene for alltid, og talen vert framleis sett på som ei av dei viktigaste gjennom tidene. Orda vart etterkvart meir enn ein draum; det vart eit vendepunkt for borgarrettskampen - med ringverknader langt utanfor Amerika sine grenser.


Nokre år seinare skulle sjølvaste Elvis Presley setje opp eit juleshow. Mannen som hadde skapt elleville tilstander heilt ut til både dei ytste utpostar i Amerika og verda forøvrig, og som også hadde gått til filmen, var no ikkje særleg nøgd med det han leverte. Juleshowet i 1968 måtte bli eit comeback, og han vart sterkt oppmoda til å inkludere tradisjonelle amerikanske julesangar for å fremme sin popularitet. Men, like før produksjonen av showet, skjedde det som skulle sette eit djupt avtrykk i vår felles historie - Martin Luther King jr. vart skoten og drepen, etter ein demonstrasjon i Memphis. Drapet gjorde eit enormt inntrykk på menneske over heile verda; også på Elvis Presley. Han hadde sjølv vakse opp i eit farga nabolag, hadde mange afroamerikanske vener og var djupt musikalsk inspirert av rythm and blues. Han delte Martin Luther Kings draum! Og dette vart både inspirasjonen til – og bodskapen i sangen «If I can dream», i 1968.


«I have a dream»…. sa Martin Luther King jr. «If I can dream»…. sang Elvis Presley….. Ja….Dei snakka om same sak, folk! Om den same draumen; kampen for likskap og rettferd. Forståing. Varme og omtanke. Håp. Og å overvinne undertrykking og det som er vondt…«Eg skal aldri meir synge eit ord som eg ikkje meiner», skal Elvis ha uttalt etter sangen….


Ja, "If I can dream», vart ein noko annleis «julesang» på Elvis sitt TV-show jula 1968. Ein sang som manageren var sterkt i mot – ulik som den var Elvis sitt vanlege repertoar. Men, den traff folk rett i hjartet, og vart ein stor hit! Og – folk - det var også ein «julesang» med meining! Ikkje minst då – men kanskje også no? For sjølv om tidenes har endra seg, og mangt er blitt betre, så er vegen for somme så tung å gå! Omverda og aktuelt nyhetsbilete bekreftar dagleg mangt som skulle vore annleis enn det er. Så lat oss drøyme, folk! Drøyme om fredeleg sameksistens mellom menneske. Drøyme om at kvinner får gjere sine eigne val. Drøyme om at menneske vert likt verdsett, uavhengig av legning, bakgrunn og kjønn. Drøyme om mindre utanforskap, skam og tabu, og meir openhet kring oss…. Lat oss drøyme sterkt, folk og vere modige og fortelje om draumen høgt!



8 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page