top of page

Om juletroll og nissar.... Jesusbarnet og englar...

Oppdatert: 31. mar.


«Kom, skund deg, så skal du få sjå!» Og, jaudå! I nysnøen kunne nett som små, lette avtrykk såvidt skimtast…. Tvers over lødebrua….. Rundt kummen……Og rett inn fjøsholet….Det var liten tvil, folk! Det måtte vere spor av små nisseføter! DET meinte far var HEILT jule-sikkert! Honnbakkenissen søkte alltid til gards, når det leid mot jul….

Når dagane vart kortare og det lakka mot jul, skapte dei gamle historiene til far bileter i små barnesinn. Den mørkaste tida i året, når den nordlege halvkule hella aller lengst bort, opna for både spaning og mystikk. Kva skjulte seg i skuggane, der dagslyset ikkje kom til? Og i det lune skjenet i skumringstimen framfor jøtulomnen på kjøkkenet i Eltvik, tok Honnbakkenissen form. Han heldt til i ei hole omtrent midtfjells opp i Eltvikehornet, vart det sagt! Men, i juletider flytta han inn i fjøsen. Sånn i slutten av november, kunne ein byrje å vente på at han kom…. Liten var han, og sky for folk, så ein måtte gå varsamt fram i førjulstida. Men, pent stell måtte han få! Elles kunne det gå reint gale for både folk og fe.


Ja, tida før jul gav rom for så mangt. Og i strøk der vèrgudane var nådelause, storhavet lunefullt og livet karrig, levde folketrua lenge - i skjønn foreining med bibellære og salmesang. For barnet vart førejulstida ei herleg blanding av juletroll og nissar. Jesusbarnet og englar…. Og julestjerna som viste veg for gjetarane på markene i Betlehem, den skinte også VEL så sterkt over ei lita grend i ytste havgapet på nordvestlandet….


Lukta av nellik, pepper, laurbærblad og salt, fylte kjøkkenet. Mor henta dei gamle, handskrivne, oppskriftsbøkene fram. Med sikker hand heldt ho alle tradisjonane i hevd. Det vart rullepølse og sylteflesk. Spekekjøtt. Goro og fattigmann. Smultringar. Julemanna – og sjølvsagt lefser…. Ja! Sortane telte meir enn 7, når jula endeleg kom….. Vi skreiv julekort med vår beste skjønnskrift i dagesvis. Alle skulle ha ei helsing til jul. Og dagens høgdepunkt var posten. Florlette amerikabrev, via luftpost, frå slekta «over dammen», som skreiv at dei savna snø, brunost og raspeball. Og vi fekk julehefter frå all verdens misjonar frå nord til sør, som ynskte ei fredfull jul – gjerne mot eit lite økonomisk bidrag til den gode sak.


Det var reine fabrikken, folk! Kvar ein krok skulle vaskast. Panner pussast til dei skein. Tepper bankast. Og raude gardiner måtte opp i alle rom! Og endeleg kom treet på plass… Skeivt var det, av vèr og vind - kanskje måtte både to og fleire greiner setjast inn. Men, nydeleg vart det, med norske flagg og 16 elektriske lys som sendte sine varme strålar over nystiva juledukar….. Og når englane på englespelet dansa over trekken frå oljekamina i bestestova - med lystig klang og glede over det vesle barnet som vart fødd i ein stall, ja DÅ kunne endeleg julefreden senke seg på den vesle garden ytst mot storhavet…


Ja…slik var barndomslandet. Desemberlandet. Julelandet. Ikkje så ulikt mange andre sitt «land». Fylt av forventing. Lukter. Smakar. Og eit slør av magi…. Vår historie og våre minner frå barndomen kjem oss liksom så underleg nær i juletida, folk…. Og – kanskje vert også kjensla av vemod sterk? Alt vert liksom meir vakkert…. og meir vondt… på same tid. Minner om det som var…. Om DEI som var… Stolen som kanskje fyrste jula står tom i år…. Savnet gjer vondt… Men, nettopp minnene, historiene og tradisjonane gjer at vi likevel alltid ber dei med oss i vår hjarter.....


Med ynskje om ei minnerik og god jul, folk – og hugs å gjer den litt magisk, isaman med dine kjære!

10 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page