top of page

Natronkaker og Fatamorgana....

Oppdatert: 31. mar.


Det seiest at ei tidleg morgonstund farmor Sigrid kom ned mot bygda frå mjølking i gardfjøsen på utmarksstykkjet, openberra det seg eit særskilt syn i horisonten. Rett over Svinøya fyr og lina som skil hav frå himmel, kunne konturane frå bygningar, kuplar og vakre palass tydeleg skimtast! Synsbedrag, kan ein kanskje meine, etter harde arbeidsdagar som starta før sola rann. Men, fleire av bygdefolket hadde sett, og etter mykje spekulasjon, kom ein fram til at det måtte vere bylina til sjølvaste Konstantinopel som kom fram - som ei luftspegling over himmelen i havgapet utanfor den vesle bygda Eltvik på nordsida av Stadlandet! Slikt kunne skje, under særskilte atmosfæriske tilhøver…..

Om det var ein av verdas storbyar, eller noko anna farmor Sigrid skimta den somarmorgonen, får vi aldri svar på, folk. Men, det var nok likevel det næraste farmor nokon gong kom både Konstantinopel, og den store verda elles utanfor den vesle bygda ut i gapet til Stadhavet. Eltvik vart farmor Sigrid sitt univers. Her levde ho sitt liv; i bygda som låg open mot storhavet mot nord og nordvest. Ingenting livde for den kalde nordavinden for dei vel 20 husstandane – fordelt på 8 bruk, som hadde valt å slå seg til her. Grøda frå dei små jordlappane, kombinert med fiske, vart grunnlaget for eit strevsamt liv. Bygda var veglaus og utan elektrisk straum fram til 1950 talet.

Men, at det var vakkert i den vesle vika mellom fjella Hesten i nord og Eltvikhornet i syd, det var folket samde om! Utsyn til hav og himmel; stundom truande, grått og stormfullt. Andre gongar glødande rosa, og stille sjø. Frodige sletter som møtte ope hav. Atlanterhavet utanfor – ei havstrekning utan ly. Den trufaste lysstrålen frå fyrlykta på Svinøya, som viste veg for båtane som skulle runde Stadt. Sunnmørsalpane som stakk fram i det fjerne. Og Rivjehornet, med sin bratte og spisse profil. Og - ein finversdag når vindane kvilte og sola skein, ja då tykte både store og små at bygda og omgjevnadane måtte vere den vakraste staden på jord!

Farmor sitt liv gav ikkje rom for reising og forlystelse. Mest vart det kvardag og slit. Enke to gongar i ung alder, og ansvar for gard, 5 born og ei pleietrengande mor. Fjellet, garden, fjøra og sjøen vart kvardagen for farmor. Til utmarkstykket for å mjølke. Over «Skaret» til Honningsvågen for ulike ærend. Til Ferstad for å levere smør. Plukke myrull. Plukke bær. Finne brensel. Spade torv. Hauste kvart eit strå på dei små jordlappane - i eit nådelaust klima. Spe på med tang og tare når foret ikkje strakk til. Dei små gleder hadde stor verdi for farmor. Når kusymra farga «Honnbakkane» og dei bratte fjellsidene i «Stranda» gule. Når smålamma spratt rundt på ustøe bein på marka. Når soloppgangen farga havet og Sunnmørsalpane raude. Og når ho etter ein lang arbeidsdag endeleg fekk fyr på ovnen i kjøkkenet, steikte natronkaker på plata – og kunne kaste den varme baksten bort i fanget til borna – sine eigne fem, og andre som måtte trenge det. Det var alltid hjarterom og plass til ein til rundt bordet. Og sjølv kor trøytt ho var etter harde arbeidsdagar, hadde ho alltid tid. Tid til å lytte, og tid til å fortelje. Ho kunne fortalt om motgang. Sorg. Slit. Og knuste draumar. Men, nei. Det var kjærleiken til naturen. Respekt for naturkreftene sin lunefullhet. Kjærleiken til bygda og omsorgen for menneska og dyra som var tema for hennar forteljingar. Dei gamle segnene frå Stadhalvøya levde i farmor. Ein djup respekt for naturen og dei som hadde vore her før.

Farmor har vore borte i lang tid no. Eg møtte henne aldri. Å – kor mykje eg skulle ha gitt for å sete der ved den gamle jøtulovnen på kjøkkenet i Eltvik, og få ei glovarm natronkake hivd bort i fanget! Høyre historiene. Spørje litt. Lære henne verkeleg å kjenne. Likevel står ho mitt hjarte så nær. Ho sette sine tydeleg spor. Gjennom alt som er blitt fortalt. Gjennom historiene ho leverte vidare, og som har levd gjennom generasjonar. Hennar raushet, tryggleik, arbeidsevne, jordnærhet og kjærlege vesen, har blitt formidla til oss som er her no. Farmor si handveske dukka opp her ein dag. Enkel. Traust. Og pent brukt. Innhaldet fortel om viktige kapittel i hennar liv. Overtaking av garden; bnr. 31 og gnr 3. Papir på faren sin bortgang under krigen. Mor Paula sitt gravferdsdokument. Bekrefting på to ektemenns død. Dåpspapir på 5 born. Grenseovergangsbevis frå krigen. Nokre telegram – sendt ved glede og sorg. Og bileter av borna. Viktige merkjesteinar i farmor Sigrid sitt liv. Heilt på botnen av veska, låg ein liten pudderkvast. For trass i alt arbeid og slit, likte farmor Sigrid å pynte seg litt. Når kvardagen ein sjeldan gong skapte høve for det.

Dei same tømmerveggane som på farmor si tid, får no eit løft; ny kledning og nye glas. Men utsynet er det same som før. Same horisont, sett gjennom kjøkkenglaset. Aldri lik. Og ofte eit fargespel. Stundom grå, stormfull og farleg. Innimellom rosa, gylden, stille og innbydande. Men, alltid like vakker. I kveld, nett slik den var i farmor si tid. Om farmor Sigrid savna den store verda? Og – om ho kanskje fann livet tyngre enn ho kunne evne å bere i blant? Kven veit, folk. Men, kanskje var det nett dei nære ting som bar henne igjennom det som var tungt? Kjærleiken til plassen ho var fødd og oppvaksen. Til dei ho hadde rundt seg. Naturen. Miljøet. Og det som ho hadde sine røter i. Og – når det kjem til stykket, folk - enn om det er nettopp i dei nære ting, den største lukka ligg?




19 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page