top of page

Huldrefolket ute ved havet....

Oppdatert: 31. mar.


Huldrefolket i haugen, dei underjordiske under Klovsteinen, Honnbakkenissen, den vakre huldrejenta ved Sævatnet eller risen i Revjehornet….Dette er nokre av dei du kan kome til å møte heilt ut i ytste gapet mot Stadhavet. Dersom du vågar! Eller kanskje har god nok fantasi?


Ei gamal segn fortel at i riktig gamle dagar så var det hulderfolk på garden Kvame på Kvamsøya. På andre sida av fjorden låg bygda Eltvik, på nordsida av Stadlandet. Det seiest at kvar julekveld kom hulderfolket saman på låven og åt julegrauten som gardsfolket på Kvame hadde sett fram. Men eingong fann drengen ut at han skulle skremme dei bort! Då julekvelden kom, tok han børsa si, gjekk til låven og gøymde seg i høystålet. Snart tok det til å tuske i kvar ei krå. Hulderfolket kom, gamle og unge i finaste julestasen sin. Dei sette seg på låvegolvet rundt grautgryta. Då small det! Huldrene skvatt til og sprang det dei vann ned til sjøen, med leven og skrik. «Kvame det same, aldri meir fagnadfolk i Kvame»! Ropte dei etter seg, og rymde over Vanylvsgapet og sør i Eltvikhaugen. Slik gjekk det altså til, at hulderfolket kom til Eltvik. I fylgje segnet, er dei der den dag i dag.


Dei mange historiene til farmor Sigrid og far vart levande i skumringstimane framfor den gamle jøtulomnet på kjøkkenet i Eltvik. I det lune lyset, tok hulderfolket i haugen, Honnbakkenissen og den vakre huldrejenta oppe ved Sævatnet form. Far hadde sjølv møtt huldrejenta fleire gongar! Med dei vakre, lyse lokkane, det vene smilet og den milde røysta hadde ho ein gong nesten lokka ham med seg inn i berghammaren! Hadde han ikkje brått ensa kuhala, kunne det ha gått rett gale! Mang ein gong hadde farmor Sigrid opplevd at hulderfolket gjorde henne eit spikk i fjøsen. Melkespann som vart velta. Grinder til sauegarder som vart lukka opp. Men også at fjøsen var rein og fin og dyra hadde fått mat når ho kom inn om morgonen. Ein gong då ho kom fram til gardfjøsen, ein fin somarmorgon, fann ho alle kyrne nymjølka. Og spanna var sirleg rada opp, fulle av frisk mjølk. Farmor takka og neia. Brått høyrde ho smålatter, og såg noko som likna små ullnøster som rulla forbi henne nedover bakkane. Ein måtte ikkje tirre verken Honnbakkenissen eller hulderfolket, sa farmor Sigrid. Og fortalte om den gongen ei ulukksaleg kone lenger ut i bygda hadde slått ut brennheitt potetsod, utan å seie frå til dei som budde innunder. Slikt måtte ein aldri finne på! Hulderfolket kunne kome til å brenne seg, då. Eller om ein kar i bygda over fjellet som hadde dreve hesten for hardt under pløyinga av jordet. Det likte nissen dårleg! Han ville at dyra skulle ha det vel. Stelte ein godt med dyra, og hugsa nissen på høgtidsdagane, var det som regel fred mellom gardsfolket og dei som budde innunder. Men vekte ein harme, kunne det gå gale med både folk og fe!


Langs stiane over Stadtfjellet, var det mange stadar ein måtte trø varsamt – ein var ikkje trygg for skrømt! Klovsteinen, over skaret mellom Eltvik og Honningsvåg, var ein slik plass! Aldri om ein måtte trakke på Klovsteinen, sa farmor Sigrid! Då forstyrra ein dei underjordiske! Også ved vatna over til Ferstad, var det slett ikkje trygt. Tårevatnet skjuler mange ulukkelege skjebner. Ei av dei var Ragnhild i Rognhammaren. I tussmyrkret på stille, fine somarkveldar, helst i litt disig vèr, kunne fleire sverge på å ha sett ein kvinneskikkelse som gjekk ved vatnet og gret. Farmor hadde opplevd så mangt! Med underfundighet i røysta kunne ho banke i bordet på at det var heilt huldresant! Andre historier hadde ho høyrt frå dei som var her før. Som segnet om risen i Revjehornet. Han viste seg sjeldan, men mange hadde høyrt han! I Basteneset på Kvamsøya budde ein annen rise. Baste. Dei to risane kom i ufred, og fann seg kvar sin stein, som dei kasta. Båe sank midtfjords i Vanylvsgapet, midt mellom Revjehornet og Basteneset, seier segnet.


Livet var alvorsfyllt ved det vèrharde Stadthavet. Mange segn fortel om dei som havet tok. Men havet kunne også gje! Nordvest for Eltvik, ligg Svinøya. Ofte kunne bylgjene vaske over øya. Men, ein godversdag i stilla, då eit båtlag med 5 menn frå Sjåstad på Stadt rodde ut mot «Gammelen», ein fiskebank vel 6 mil vest for Stadt, gjorde dei eit underleg syn ved Svinøya! Brått symde ei fager jente kring færingen, med hår som glitrande gull. Då dei såg sporen som blenkte i sjøen, forstod dei at det var havfrua dei hadde møtt på. Tydde det lukke, eller ulukke, undra dei seg? Men, ho hadde jo smilt så vent, så dei heldt fram ferda. Og aldri om dei hadde fått så mykje fisk, nokon gong!


Dei gamle historiene gav barndomen eit slør av spaning og mystikk. Det var før internett. Før mylderet av tv-kanalar. Og sosiale medier. Den gong forteljarkunsten enno levde, og vart bringa vidare gjennom slekters gong. Folketrua levde lenge ute i bygdene. Kretsa kring viktige livstema; som arbeidet på hav og land, høgtider, sjukdom og død. Folketrua bestod - i skjønn foreining med salmesang, sundagsskule og den norske indremisjon. I slike strøk, der vergudane var nådelause, storhavet lunefullt og livet karrig, kunne kanskje det overnaturlege ha sin funksjon, som forklaring på det som ein i si sårbarhet mot naturkreftene ikkje rådde over? Og – i det svake skjenet frå parafinlampa, kunne nok så mangt kanskje tenkast skjule seg i skuggane. …


I dag har vitskap og fakta tatt folketrua sin plass. Segna er i ferd med å svinne bort, i saman med dei som heldt forteljarkunsten levande. Kva skal vi vel med nisser, troll og hulder, i våre moderne liv? Men, enn om du set ein stad på denne sagnomsuste halvøya, ein fin junikveld i skyminga. Kanskje er det på Måsevatnet, med fyr på bålet og nyfiska fjellørret bresande over varmen. Og nett når sola er i ferd med å gå blodraud ned i vest, ser du ei vakker kvinne kome mot deg, gjerne bak ein fin liten kuflokk. Kanskje seier ho "du fiskar i vatnet mitt», før ho forsvinn, like raskt som ho kom. Enn om - det var sjølvaste huldrejenta du møtte på…… I fylgje segna frå barndomen, vaktar ho nemleg over Stadtfjellet gjennom alle tider…… 😉..



27 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


Innlegg: Blog2_Post
bottom of page