top of page

Historia om "Olaien"

Oppdatert: 31. mar.

Han var noko for seg sjølv, «Olaien» Vi kan kalle han det. Han levde livet sitt i ei lita Vestlandsbygd eit stykkje utanfor Bergen. Men, vi kunne nok ha møtt han så mang ein plass. Ikkje kunne han vere i vanleg arbeid. Ikkje ha dyr i fjøsen, slik som anna folk. Og på ein god dag - knapt nok klare å slå litt av graset kring huset. Korleis det var med matstellet til Olai, visste folket i bygda lite om. Men dei antok at det stod smått til. «Olaien» var difor ofte ein sjølvskriven gjest, både til middag og kvelds kring om hjå sambygdingane. Og til høgtider og fødedag vart borna alltid sende avgårde med ei lita ladning med mat og gjerne nokre nye ullsokkar til Olai.


Men, sjølv om han kunne vere både passiv og tiltakslaus, hadde han sine prosjekt. Tidlege vintermorgonar kunne folk i bygda vakne av bankelydar ein stad på garden. Dei visste kva det var. Det var «Olaien» som kakka is bort frå elva, slik at han kunne sjå at vatnet rann. Mangt eit riveskaft gjekk med i prosjektet, som gjentok seg kvar dag så lenge isen låg. Olai jobba så svettedråpar fraus fast i skjeggstubbane og han måtte tinast opp att framfor vedovnen på kjøkkenet, med ein god kaffetår etterpå. Aldri om folk fekk ut av han kvifor det var så viktig å halde den vesle elva som rann gjennom bygda fri for is. I gode stunder likte han å stelle godt med dyra i fjøsane. Og bøte garn i lag med fiskarane. Lukta av sjø, impregnering og Rød Mix - i lag med det jamne mønsteret som vaks fram i garnet som vart reparert, tyktest å vere godt for Olai. Best var det når ein av karane drog fram trekkspelet og slo av ein gamal slager. Då lo Olaien hjarteleg, og nynna med. Det var nett som om han kom litt meir ut av skalet sitt då.


Etter kvar storm gjekk han fjøra. Drog til gards blåser og bøyer, oljefat og trevirke. «Kva skal han med det?» Sa folk. Kjellaren var full av vrakgods allereie. Men i ei knipe, var Olai god å ha, med alt som han hadde på lager. Det var vanskeleg å forstå kva Olaien sa. Snakka fort og mumlande. Og gjentok seg sjølv. Verre vart det etterkvart som tennene fall ut. Han heldt seg mest der i bygda, men innimellom tok Olaien hatt og penjakka på - båe hadde sett sine beste dagar, og tok bussen til næraste sentrum. Det var tobakksnauda som dreiv han då. Sat der for seg sjølv. Ville nok berre ha fred. Og som regel fekk han det. Men det hende også diverre at nokon fann det for godt å gjere litt narr. I bygda vart Olaien stortsett godtatt som han var. Men stempelet som «galen» hang på han i all si tid. Olai var lobotomert. Resultat av eit opphald på «Neevengården», eingong på 60 talet. Ingen kan lenger fortelje kva Olai sleit med før innlegginga. Men folk minnast at han kom attende til bygda som ein endra mann.


Det var nok mange «Olaier» både i bygd og by. Du har kanskje møtt ein, du også. Folk som for alltid bar med seg spor etter ei behandling som vi i dag ser på som moralsk forkasteleg, men som den tids vitskap bifalte. Som skulle gjere folk rolegare og meir medgjerlege. Ta bort det som vart sett på som sjukt. Men som istaden dempa personlegdomstrekk, humør og sinnelag. Dei vart aldri som før. På mange vis frårøva livsverdi og ekte kjensler. Nokre skulle vende attende til små distriktssamfunn, i ei tid der hjelpetilboda frå det offentlege ikkje var tilstrekkelege. Bygdefolket støtta opp. Sørgde nok for det mest naudsynte. Men likevel femner dette kapittelet i norsk psykiatrihistorie om eit ordlaust rom av liding. Over 2500 menneske vart lobotomert i Noreg frå 1941 til 1974. Eit nevrokirurgisk inngrep i hjernen skulle påverke psyken. Sambandet mellom pannelappen og resten av hjernen vart øydelagd. Målet var mindre utagering. Mindre angst. Og dermed betre funksjon. Vi var i «verdstoppen» i høve talet på lobotomerte i forhold til folketalet. Og også blant dei landa som heldt på praksisen lengst. Mange døde. Mange fekk epilepsi. Dei fleste fekk varige og djupe kjenslemessige og sosiale funksjonstap. Fyrst i 1996 vart dei som enno var i stand til å søkje, innvilga erstatting. 100 000 kroner fekk dei, for eit øydelagd liv.


Det fortel oss noko viktig, folk. Dagens vitskap kan vere forgjengeleg. Vi eig aldri sanninga, og fyrst historien kan vise kva som var rett og galt. Respekt for alle «Olaiene». «Birthene». Eller «Perane». Alle dei som sjølve ikkje var i stand til å ta til motmæle mot uretten som vart begått. Dei som vart frårøva meining og livskvalitet i sine liv. Dei som aldri fekk den hjelpa dei skulle ha. For mange var det kanskje ein vanskeleg barndom som låg i botn. Andre trengde ein djupare terapi. Og atter andre hadde kanskje berre ein opprørsk natur. Etisk refleksjon og openhet for ny kunnskap, er alltid viktig, folk. I dag – som dengong då…



24 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page