top of page

"Helgi-postur" om språk

Oppdatert: 31. mar.



«Det er lett å si jeg elsker deg på engelsk»…sang Kine Hellebust i 1989. Vi fann det fornøyeleg. Ironien var så tydeleg. Dessutan «elska» vi ikkje på nynorsk. Nei. Vi var enno gilde i einannan. Eller hugtekne. Men over 30 år seinare må vi like fullt erkjenne at det norske språk er i endring. Anglonorsk har kome for å bli. Ord som «shit», «chill», «keen» og «fett» er blitt vanlege i vårt repertoar. Det er hard kost - for ein ekte nynorsk-entusiast! Sjølv om det må innrømmast at å «chille», kan gje litt meir klang - enn å «ta seg ein kvil i bakken». Vi er ikkje lenger glade. Nei. Vi er «happy». Ikkje lei oss, men «sorry». Vi går på «sale». Og vi reiser på «weekend». Ikkje berre snik nye ord seg inn i daglegtalen. Også gramatikken endrast; noko som kan vere verre å få auge på. Sjølvaste Erna Solberg uttalte nyleg at «regjeringen har møtt med de andre partiene». Noko klang feil! Med litt ettertanke kunne det avslørast at ordlyden jo var direkte omsett frå engelsk oppbygging! Vi «ringer inn sjuk»/ «call in sick», og å «stå ut»/ «stand out» er no blitt vanleg omtale for å skilje seg ut.


Kanskje må det bli slik i tida? Musikk. Film. Tv. Spel. Vi vert mata med engelsk kvar dag. Om hundre år skriv vi engelsk og snakker norsk. Meiner språkvitaren Sylfest Lomheim. Det er nemleg ikkje berre hjå mannen i gata at språket har endra seg. I Akademia dominerer engelsk stadig meir. Masteroppgåver og doktorgradsarbeid; hovudsakleg skrive på engelsk. Pensum; i hovudsak på engelsk. Publisering i anerkjente internasjonale tidsskrift; krev at artiklar skrivast på engelsk. Studentar reiser på utveksling, og tilsette samhandlar via internasjonale forskingsmiljø. Snart er norsk utradert frå høgare utdanning. Og det avgjer òg kva vi forskar på. Norske stavkyrkjer gjer seg diverre dårleg – på engelsk! Engelsk er vårt lingua franca. Det er ingen tvil. Og er det så farleg, i grunnen? Språket har jo alltid endra seg. Historia viser det. Ord på dialekt frå gamle tider kan vere borte frå vokabularet i dag. Kven veit vel lenger kva «menjane» tyder? Eller «rennefok»? Eller å «vere ei god kjelle»? Ord som var vanlege ute i havgapet på Nordvestlandet for ein generasjon sidan, men nærast utviska i dag.


Nei. Nordmenn seier ikkje lenger at dei skal ta på skuggehua, kortbuksa og ta seg ein tur på rullebrettet. Istaden brukar vi caps, shorts og rullar på skateboard. Det er ikkje slik som på Island, folk! Der tek dei nemleg enno på seg «skuggahúfu», «stuttbuxur» og tek seg ein tur på «hjólabretti». Ikkje brukar dei jeans, heller. Nei. Dei brukar «gallabuxor». Og bilen står ikkje i garasje. Men i «bilskur». Dei går ikkje på date. Dei går på «stefnùmøt». Og er ikkje turistar, men «ferðamaður“. Dei ser ikkje fram til weekend, men til „helgi“. Og sender ikkje mail, men „postur“. Islandsk liknar enno på språket som vart snakka i norden for tusen år sidan. Grunnen er den konservative språkpolitikken, som har lang tradisjon. Gamle ord, eller to ord som allereie finst, nyttast ved behov for nye ord.


Står så norsk, basically, i fare for å døy ut? Og er i såfall islendingane sin litt ekstreme språkrøkt noko som kan demme opp? Bør norsk språkpolitikk vere meir konsekvent? Svaret kan ikkje gjevast her, folk. Men, inst inne kan eg ikkje late vere å undre meg på kva Ivar Aasen hadde sagt, skal tru? Mannen som gjekk frå bygd til bygd, dokumenterte norske dialekter og skapte eit nytt skriftspråk. Eg trur nok at han hadde vist toleranse for både andre språk, og ulike variantar av det norske språk. Men kanskje hadde han minna oss på at eit felles språk har bygd bru mellom høg og låg, lek og lærd gjennom tidene. Og enn om han hadde ymta frampå om at norsk; nynorsk og bokmål er sjølve limet i samfunnet. Eg trur i alle fall at han hadde sagt noko om at språket seier noko om kven vi er og kven vi vil vere. Og kanskje hadde han bedd oss om å ta oss i akt for ei språkleg «lat-det-skure-haldning»; ei slapp blanding av norsk og låneord. For då, folk, risikerer vi kanskje å miste noko av stor verdi. Med ynskje om ein språkrik dag til alle!


13 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page