top of page

Ein smørklatt til sola!

Oppdatert: 31. mar.


Kring 20 februar kjem dei fyrste solstrålane inn glaset i stova på garden som ligg lengst inn under Eltvikehornet på Stadlandet. «No kjem sola ned Honnbakkane», ropte farmor Sigrid med glede i røysta då. Og la ein klatt smør på eit fat i glaskarmen. Den skulle sola få!


Farmor Sigrid har vore borte lenge no. Men, smørklatten i glaskarmen, kjem fram kvart år kring 20 februar. For då når dei fyrste, spede strålane av sol igjen husa under Eltvikehornet. I slutten av oktober, forsvinn sola her. Dei bratte Honnbakkane ligg som ruvande skuggar over dei små bruka. Gjennom dei lange, myrke månadane, går tankane ofte attende til tider som var. Vinteren var hard for folket heilt ytst i havgapet på Stadt. Stormane raste over det nakne landskapet. Storbåra piska naudelaust innover land. Alt tidleg på somaren, medan sola enno stod på sitt høgste, byrja folket så smått å grue seg til at det snart ville gå mot myrkare tider. Som farmor Sigrid, var kvinnene ofte åleine om stellet av garden og borna vinterstida. Landskapet, vèret og ansvaret gjorde dei sterke. Men samstundes sårbare. Otten for mennene ute på storhavet var stor. Ville dei kome attende i år? Mang ei bøn vart nok send til høgare makter om at både folk og fe måtte klare seg gjennom myrketida. Og at avlingane frå dei små bruka måtte strekke til. I etterjulstida minka det ofte i låven. Tang og lyng måtte nyttast for å mette dyra. Og enno var det lenge til vårsola smaug seg fram, farga bøane grøne og lokka kusymra fram i dei bratte fjellsidene.


Men når desembernatta var på sitt alle svartaste, når den nordlege halvkule helte aller lengst bort - så snudde sola. Ein kunne igjen sjå fram til lysare tider. Mang ei historie kunne forteljast om dagen når sola snur! Ein måtte vise vyrdnad, då, sa dei gamle. Aldri arbeide med noko som gjekk rundt! Vakte seg for å spinne, kjerne eller køyre med hest og vogn. Og var ein riktig uheldig, kunne horna på kyrne løsne! Dagen når sola snudde, måtte visast djup respekt. Men dagane etter solsnu gav eit glytt av håp. Sola steig med «eit haneskritt lenger opp på himmelen for kvar dag», sa dei gamle.


No som då, ligg enno vintermyrkret tungt over gardane under Eltvikehornet i slutten av januar. Dagane skiftar mellom singlande rimfrost og skoddefylt regn. Og sjølv om dei lengest, svinn enno dagslyset fort under tunge fjell. Stadtlandskap utan sol, er også vakkert! Storhavet si jamne rulling inn mot fjøresteinane. Tussmyrkret, blåtimen, det løyndomsfulle suset frå fjellet og himmelen stor og stjerneklar - der Sirius skin som sjølvaste Betlehemsstjerna. Men, best er det likevel å tenkje på - at snart vil ljoset kalle på vårløkane under jorda. Lyttar ein godt etter, kan ein nesten høyre det knake litt, der nede i molda! Snart, folk, vil snøklokkene modig kike opp i vinterbleike vegskråningar. Og krokusar vil blende oss med sine glade fargar. Snart vil sola lokke fram grøne bøar, der smålamma mekrar og lystig sprett rundt på spede bein. Dei fyrste teikna på nytt liv. Ein ny vår kjem, også i år, folk! Sola vil snart sende varme strålar gjennom glaset ditt. Ta vare på kvarandre – og set gjerne fram ein smørklatt i glaskarmen til sola, du også! 😉

53 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page