top of page

Då "Topsy" måtte dra

Oppdatert: 31. mar.



I det herrens år 1962, skjedde det mykje ute i den store verda. Astronauten John Glenn gjennomfører USA si fyrste bemanna romferd i bane kring jorda. Det oppnåast våpenkvile i den lange og blodige konflikta mellom Frankrike og Algerie; og Algerie får etterkvart sjølvstende. Den kalde krigen tilspissar seg gjennom Cubakrisen på seinhausten, då oppdaging av sovjetiske atomrakettsiloar på Cuba leiar til amerikansk millitær blokade. Sovjetunionen gjev gjensvar, og verda held pusten! Supermaktene står på randa av atomkrig! I siste augenblink gjer Sovjetunionen retrett, og verda kan puste letta ut! Den kalde krigen vart ikkje varm, denne gongen heller.


Her heime opnast Nordlandsbana; og vert vår lengste togstrekning, samanknytt med Dovrebana. Tryvannstårnet vert bygd i Oslo, for å kunne sende radio og fjernsynssignal til heile Noreg. I musikkverda skjer det store ting. Bob Dylan gjev ut sitt fyrste album. Beatles får sitt gjennombrot med singelen «Love me do», Jimmi Hendrix startar si studiokarriere. Og sjølvaste Rolling Stones debuterer på «The Marquee Club» i London. Dei store nyhetssakene skapte merksemd, også i ei lita bygd på nordsida av Stadlandet.


Men, i Eltvik var det imidlertid ikkje berre dette som skulle sette sitt varige merkje i 1962. Topsy, den gamle gardshesten, var byrja å bli mett av dagar. Etter trufast teneste i ei årrekkje, byrja kreftene å ta slutt. Topsy hadde gjort sitt! Tallause høylass. Horving av jord. Brukt sine krefter, der rå muskelmakt ikkje strekte til, i arbeidet på jorda og ved sjøen. Henta doktor. Henta jordmor. Dyrlækjar. Og prest. Og framfor alt vore ein god fylgjesven. Dei store, kloke augene til Topsy forstod det meste og gav trøyst, når livet slo seg vrangt. No var det slutt. Topsy skulle ut på si siste reis; og i roleg skritt-gang vart ho fulgt gjennom Stranda i møte med dyretransporten på Leikong. Mor gret. Bestemor Sigrid gret. Og borna gret. Dei gret over tapet av Topsy. Men, ikkje minste gret dei – fordi det skulle kome traktor til gards! For – traktor – DET var farleg!


Ein Ferguson, 1952 modell, med silosvans og skuff, var nemleg på veg frå Ålesund til Leikong med båt. 5000 kroner kosta vedunderet. Allereie ved ankomst, var batteriet flatt, og den måtte sveivast i gong på kaia. Diverre stod den i gir, og den fyrste ferda kunne fort endt rett til havs! Men, det gjekk bra, og ut igjennom Stranda bar det. Og bakpå sat ein nabo, som kom med same båt - med si nyinnkjøpte fyrste oljekamin. Topsy sitt farvel og Fergusonen sin ankomst, markerte ei ny tid, folk; mekaniseringa av jordbruket var i gong, også i Eltvik. Den fyrste firhjulingen i bygda, var ei lita begivenhet i seg sjølv. Bygdefolk rista litt på hovudet, hadde ikkje heilt trua! For stor og for tung, meinte mange! Men Ferguson TE 20 modellen; også kalla Gråtass - produsert fram til 1956, representerte noko nytt; innkjøp av traktor vart mogleg for den vanlege bonde, og gardsdrifta vart meir effektiv. TE 20; Tractor England – med 20 hestekrefter, vart ein «folketraktor» verda over. Løyndomen låg i Harry Fergusons hydrauliske trepunkts-system, som gjorde det mogleg å arbeide med større reiskaper på lettare traktorar. Dei fyrste modellane hadde bensin eller parafinmotor, 6 Volts batteri, og pluss til jord. Eikmaskin fekk einerett til sal av Ferguson-traktorar utanfor Storbritannia, og har enno agenturet. I 1953 fusjonerte Harry Ferguson med Massey Harris, og frå 1958 vart namnet Massey Ferguson.


Den gamle Fergusonen står enno på låven i Eltvik. Vitnar om ei svunna tid. Liten, spinkel og uselvisk samanlikna med dagens landbruksmaskiner. Men, hydrolikken her har nok mykje av æra for utviklinga som kom. Utan tvil revolusjonerte den jordbruket, og gjorde gardsarbeidet lettare for vanlege folk. Den gjekk på "Super", og motoren slo klokkereint, sjølv om den ofte måtte sveivast i gong. At den var eit ypperleg - og etterkvart uunverleg bruksmiddel på jordlappane ut mot storhavet, ja, det måtte sjølv mor og bestemor innrøme - sjølv om Topsy var sårt savna - og det den gongen som no nok alltid var litt betre før….. 😉

11 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page