top of page

Radioen stod alltid på…….hjå mor. Døgnet rundt!

Oppdatert: 31. mar.


Ho ville fylgje med på kva som skjedde i verda, sa ho. Og DET gjorde ho! Ofte var det ho som bringa siste nytt til oss – alle våre sosiale medier, tiltrass….. Nei! Internett vart aldri hennar ting! Men, radioen – DEN klarte ho seg ikkje utan! Mest av alt tydde nok kjærleiken til musikk. Og kanalen stod ofte stilt på P1+; musikk frå svunne tider strøymde gjennom høgtalaren, og lokka ofte fram historier frå hennar eiga ungdomstid. Men også musikk frå no. Avbrutt av dagens nytt.

I øvste kommodeskuff på soveromet låg enno den gamle lommeradioen. På batteri. Ho hadde den alltid med seg, før……Fram på stykkjet, når ho mjølka. I fjøsen. Ut på markane, under slåtten. Og, til glad somarmusikk frå hovudstaden, og reisetips til ei verd som tidvis verka svært langt borte frå forblåste Stadlandet, vart mangt ei høystrå breidd, snudd eller hesja på det vesle gradsbruket ytst mot storhavet, folk!

Så mange minner frå ei kjær mor…. Minner fulle av liv. Farge. Omsorg. Kjærleik….Alltid den lune havna å kunne vende heim att til. Tid til den gode praten, kvar dag på telefon. Så merksamt tilstades og nærverande – i stunder med glede. Og kanskje ikkje minst når livet butta imot….Når ein berre trengde å gråte litt. Ho lytta. Trøysta. Oppmuntra. Sa det som du trengde nett no….


Vi veit jo så vel at det er livets gang, folk. Ein dag skal det ta slutt. Det er likevel så vanskeleg å forstå…når ein av livets støtteveggar vert borte. For – DET er ei mor….Ein støttevegg i livet. Det rører ved noko veldig djupt, folk! På eit vis også eit farvel med vår barndom. Oppvekst. Og det som har forma vår identitet….. Vi skal alle igjennom det! Men, kanskje er det slik at vi eigentleg aldri har råd til å miste nokon som vi er viktige for? Som er glad i oss. Som vi tyder noko for, og som er ekte interessert i korleis det går….


Det er liksom ikkje rom for å snakke så mykje om sorga etter ei aldrande mor. Det er jo livets gang. Ein skal gå vidare. Bli ferdig. Halde fram. Som ei kvinne beskreiv etter si mor sin bortgang – torsdagen fekk ho ein blome på jobben, men på måndagen forventa alle at alt var som normalt - fordi mor hennar var så gamal… Men! Når tid sluttar ein å automatisk ta fram telefonen for å ringe mor når noko kjekt har skjedd, folk? Når tid sluttar ein å tenke – det må eg spørje mor om? Dette må eg vise mor….. Når tid? Det må ta lang tid, folk……!


Men, verda går vidare. Kvardagane kjem, og livet skal levast blant dei levande. Det er noko allminneleg over kvardagen. Noko allminneleg og samstundes heilag. For – det er i kvardagane vi formar minnene i våre liv, også til dei som vi har rundt oss. Og, DET er ganske stort, folk! Og verdt å ta til ettertanke. Det var nettopp det mor var for meg. Heilag og allminneleg. Forma mine minner, og den personen som eg vart..


Radioen var på, då mor skrudde av, for siste gong….Sjølv kor vemodig det er…. så er det kanskje nett i hennar ånd. Radioen er på, folk….sjølv kor tung kvardagen er….. Radioen er på…...

9 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page