top of page

Låsbar sjalusidør, verda i brann - og "styggheit" i hus

Oppdatert: 31. mar.


Det var mykje dramatikk på den store verdsscena i 1968, folk! Martin Luther King jr. vart drepen. Sovjetiske troppar invaderte Tsjekkoslovakia. Robert F. Kennedy vart skoten. Nixon vart USA sin nye president. Og studentopprøret, som breidde seg i Europa, skapte ein ny studentgenerasjon. «68-arane» utfordra autoritetane og dei etablerte samfunnsverdiar; skeptiske til kapitalismen, til amerikansk utanrikspolitikk – og USA si krigføring i Vietnam især!


Ja. Verda stod i brann, folk! Og her heime kunne vi no ikkje berre lese og høyre om det som skjedde der ute! Nei. Vi kunne også SJÅ det! Med eigne auger, frå vår eigen, fredelege sofakrok! «Fjernsynet er det fineste tekniske instrument mennesket har skapt» sa kringkastingssjef Kaare Fostervoll under NRK si fyrste prøvesending i 1954. I 1960 vart TV signala slått på for Sør Noreg, og samstundes starta ordinære sendingar. Heile verda - rett inn i stova, gjennom ein liten skjerm, folk! Det var beint sagt ikkje til å tru!


Det var i ekte Siam-teak! Brunt og blankpolert, med sjalusidør som kunne trekkast for - låsbar, for sikkerhets skuld. «Avansert teknikk og gjennomført automatikk som gir de beste bilder og lyd – selv under vanskelige mottakerforhold». Tandberg TV-60. Vi skreiv 28. august 1968, og i ei lita bygd ytst på nordsida mot Stadhavet, kom det fyrste fjernsynsapparatet til gards. Prisen for herligheta var 2500 kroner. Mykje pengar, for ein heilt vanleg fiskar og bonde, og kun mogleg fordi at fisket hadde vore usedvanleg godt dette året. Draumen om fjernsynsapparat vart endeleg ein realitet! Henta hjå forhandlar på Eidså; fjernsynsantenna vart montert på taket, og resten av dagen gjekk med til finjustering av antenne, kanal, lyd og bilete. Både sjalusidøra, nettbrytaren og betjeningsdelen - fint innfelt øvst på venstre side, kunne låsast. Ein tryggleik i seg sjølv, kanskje? Jaa… enn om ikkje det var litt godt å vete at ein kunne «låse» den store verda ute, i verste fall? Etter mykje fram og tilbake og tilløp til amper stemning i stova, vart det nye fjernsynsapparatet plassert i stovekroken heilt innst, under den store veggklokka. Pent var det ikkje, meinte mor, men det kunne til nød gå som eit møbel, spesielt med døra att og ei potteplante på toppen. Endeleg var bilete og lyd så klårt som mogleg var, og antenna stod- i alle fall til neste storm. Nett i tide til hendinga som truleg hadde motivert til fjernsynskjøpet i fyrste rekkje: storbrullaupet i hovudstaden nett denne dagen.


Ja, det var trangt om saligheta i stova på det vesle småbruket ettermiddagen 28. august 1968, folk! Alt som kunne krype og gå i bygda fann vegen til stova «hass Wilhem», for å sjå «styggheita» han hadde fått i hus! Dei fleste hadde tatt finstasen på, for høvet; enn om det kunne fjernsjåast både inn – og ut? Det var ikkje kvardagskost, det som skulle skje! Og ikkje berre fekk bygdefolket sjå at Harald og Sonja endeleg fekk gje kvarandre sitt ja! Dei fekk òg beskue den firkanta boksen, som tok heile verda inn - også til ei lita bygd ytst mot storhavet på Stadlandet.


Fjernsynet var kome for å bli, folk! Men, langt ifrå utan protest! Nei. Diskusjonane raste. For - trass i begeistring for både sport og vakre tv-vertinner, var mange redde for fjernsynet. Det firkanta apparatet kunne nemleg vere farleg! «Fjernsyn er kortsyn», lydde overskrifta for ein kronikk i VG på slutten av 50-talet. Ein kunne bli frårøva sitt indre liv! Forfatteren Arnulf Øverland fulgte opp med å hevde at no kunne like godt skriftspråket avskaffast! Ein amerikansk augespesialist hevda at born fekk «televisjonsauger og øydelagde nervar» av TV-sjåing. Og, nokon meinte sågar at strålinga frå fjernsyn var skadeleg for heimens potteplantar! Etterkvart måtte sjølv den mest ihuga puritaner gje tapt - i alle fall fram til den neste store debatten på tidleg -70 tal; innføring av fargefjernsyn! «Vi får finne oss i at synda har kome til jorda. Men vi vil ikkje ha ho i fargar……» ironiserte Einar Førde, frå Stortingets talarstol i 1971. Seinare vart han kringkastingssjef i NRK, og han VILLE gjerna ha «synda i fargar»! Og slik gjekk det! Fjernsynet fekk raskt plassen som vårt viktigaste og sterkaste massemedium. Så naturleg for oss, men så merkeleg for folk flest, då det kom! Og ein kan undrast over utviklinga som fulgte - ifrå å vere eit samlingspunkt for familie og nærmiljø, med kun ein kanal, set vi no på kvar vår plass - med kvar vår skjerm. Det flommar over med strøymetenester, og grensene for kva som let oss underhalde, vert stadig høgare.


Men, enno står eit Tandberg TV-60, med låsbar sjalusidør på loftet på ein liten gard på nordsida av Stadt. Vitnar om ei tid som var. Om heimelaga popcorn og endelaus spenning i «Kvitt eller Dobbelt» på laurdagskvelden. Gode tips frå Ingrid Espelid Hovig og «Fjernsynskjøkkenet» på tirsdagar. Og «Titten Tei og Sjonkel Rolf» sine «store» spørsmål om korleis livet heng saman, for både små og store. Og - ein kan undrast på - enn om det var meir enn underhaldning god nok, folk? Innimellom tenkjer eg i alle fall på – at det kunne gjort seg med ei «låsbar sjalusidør», som iblant kunne trekkast for…...

8 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page