top of page

«Lykksalig, lykksalig hver sjel, som har fred! Dog ingen kjenner dagen, før solen går ned»…….

Oppdatert: 31. mar.


Då sola rann i Vanylvsgapet den morgonen, og sende sitt lune lys over ytste bygda på nordsida av Stadt, ja, då lovde dagen enno godt! Det seiest at denne junidagen byrja så inderleg vakkert. Det skal ha vore ein av desse sjeldne morgonane ytst mot storhavet, der vindane la seg og himmelen spegla seg i blikkstilt hav. Men, det er no eingong slik, folk…at vi aldri heilt veit, kva dagen bringer! Verken av glede eller sorg. Nett det skulle farmor Sigrid og familien så smerteleg få erfare, denne sundagen 15 juni i året 1930.

Men, enno var dagen god, då Sigrid kom ned mot bygda frå mjølking på «stykkjet» fram i marka denne morgonen. Kanskje sette ho dei tunge mjølkespannene ifrå seg, retta ryggen litt, og naut fargespelet i horisonten ei lita stund, då ho runda Sætrehaugen.


Javisst hadde Sigrid nok å bekymre seg over! Det var harde tider! Den økonomiske verdskrisa prega også kvardagen på ein utpost i ytste havgapet på nordvestlandet. Ein fekk sørgjeleg lite att for sal av mjølk, smør og fisk om dagen! Og mykje skulle leggast ut på kostnader på garden. Det var ho som skulle overta bruk nr. 3, på gard nr. 31. Og allereie no hadde ho mykje av ansvaret åleine for drifta. Far Peder var borte i lange periodar på fiske og kvalfangst i Sørishavet. Mor Paula vart meir og meir pleietrengande; sundbroten av leddgikt. Og no var også bror Vilhelm mykje ute til sjøss. Det var berre dei to syskjena - Sigrid og Vilhelm på bruk nr. 3. Fødd med to års mellomrom, i 1904 og 1906. Dei stod kvarandre umåteleg nær! No hadde Sigrid også fått ektemann til gards. Josef. Ho takka gud for han! Men, likte dårleg hosten han sleit med for tida. Sjukdomen tuberkulose var ein frykta og uboden gjest, i mange heimar i traktene.


Men, akkurat i dag ville Sigrid skubbe kvardagens bekymringar til side. For på garden inst under «Honnbakkane» var det duka til fest! På etterjulsvinteren hadde Sigrid fått sitt fyrste barn. Og i dag var det dåp. Svanhild skulle ho heite. Men bygda var veglaus, og vintermånadane stormfulle. Det var slett ikkje kvar dag ein kunne ta seg sjøvegen frå Eltvik, særskilt ikkje med eit nyfødt barn. Kanskje sende Sigrid ei stille takk til høgare makter for roleg sjø i dag, før ho treiv tak i mjølkespannene og skunda seg ned att til bygda. No skulle finstasen på! Og DET var slett ikkje kvar dag!


Enn om tanken streifa henne vagt - at dei var heldige, folket i nabobygda over fjellet, i det ho såg «Skaret» over til Honningsvågen frå bygda. Vegen hadde kome igjennom «Kleiva» til Storhammaren nett dette året. Og det ryktast at det var mogleg å køyre igjennom med bil! Så mange bilar hadde nok ikkje Sigrid sett, i sitt liv. Men ho hadde høyrt at det var komne nokre få eksemplar av sorten, også på Stadt. Tenk å kunne køyre med automobil ut av bygda! Tanken var nok både skremmande og spanande på same tid……Men, livet måtte vel bli enklare, då, gjerne ……


Dåpen gjekk som planlagt, og fylgjet skulle ta sjøvegen heim til bygda frå Leikanger kyrkje. Men, det seiest at i det båten skulle legge frå kai, såg Vilhelm kameratar på kaia ved Korsen. Dei hadde bil! Og skulle prøvekøyre den nye vegen til Honningsvågen. Om Vilhelm ikkje ville vere med, ropte dei? For Vilhelm var det kanskje eit valets kval. Vere med familien attende med båten, og feire høgtidsstunda i heimen – eller vere med på eit lite eventyr – med bil, på ny veg? Eventyrlysta tok nok overhand for Vilhelm. Dette var ikkje kvardagskost! Han kunne jo berre hoppe av i Honningsvågen, og ta beina fatt over Skaret, til heimbygda. Kanskje kom han endåtil før fylgjet i båt?


I mitt indre, kan eg nærast kjenne stemninga i bilen utover, gjennom Morkadalen, denne somardagen, folk! Smaken av ei ny tid. Fridom. Nye moglegheter…. Og ungdommeleg framtidstru. Men, det skulle ikkje gå som planen var…..Den fyrste bilturen til Honningsvågen, skulle bli Vilhelm si siste reis. Ungdomane køyrde utfor vegen i Kleiva; bilen fall utfor hammaren, og vart knust mot fjøresteinane. Vilhelm vart setande fast, og fulgte bilen heilt ned……Det seiest at også ei jente frå Teigane, fylgde bilen nedover skrentane, men vart slengt ut like før den fall utfor. Ho vart liggande igjen på ei berghylle, nærast uskadd. Men Vilhelm sitt unge liv enda der… i fjøra i Kleiva, i brytningstida mellom ny og gamal tid……


Nokre historier er vonde å fortelje, folk. Og dette er ei slik. Det vart dødsbod istaden for dåpsfest på bruk nr. 3, sundag 15 juni, 1930. Dagen som hadde byrja så godt; med håp, glede og forvetning over nytt liv, enda med sorg for folket hans Vilhelm. Paula og Peder hadde mista sin einaste son. Aldri om livet skulle bli slik som før…..Det var eit hjarterått slag! Og, det skulle heller ikkje bli det siste for Sigrid og folket på garden inst under Eltvikhornet……


Ja….slik er det, folk……Tilfeldigheter rår. Og skjebnen kan vere lunefull. Livet byr på så mangt. Gleder. Håp. Livskraft. Sorg.

I sanning kjenner vi aldri dagen……før sola går ned…….



10 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page