top of page

Langt inni granskaugen.....

Oppdatert: 31. mar.



«Kva i all verda tenkte dei på?» Slår det meg ofte, når eg betraktar omfanget av Sitkagran ute i distriktet. Dei enorme trea veks i ei fart som nesten ikkje er til å tru! Brer om seg i stadig vidare områder. Der det før var ope landskap, er det no tett skog! Og både utsikt og lys har svunne frå vindauga i ytre strøk, der ein før kunne sjå havet – så langt auga rakk!


Nei, eg veit ikkje korleis det er for deg! Men mitt forhold til tresorten Sitkagran – er noko anstrengt, folk! For å seie det pent! Grantypen som vart henta frå forblåste nordamerikanske kystområder, og planta i hopetal langs Vestlandskysten, i tiåra etter krigen! Javisst var den hardfør! Sjeldan har ein vel sett maken til gro-evne, i vèrharde kystklima! Verken bitande kald nordavind eller ramsalt sjøsprut frå ope hav, var til hindring! Neidå! Trea vaks likevel himmelhøgt! I ei forrykande fart! Ei vanleg norsk gran, vart beint ut sagt til samanlikning for småbusk å rekne!


Er du ein vestlending som vaks opp på 50, 60 eller 70- talet, kan du nok minnast skuleutflukter med både buss og båt for å setje ned Sitkagran i plantefelt i utkantsbygder. Det var nasjonal dugnad, folk! Plantedugnad! Og alle skulle med! Sjølv minnast eg gleda i bygda når «Skogmannen» kom på besøk! Han hadde sjølvsagt eit ekte namn! Men eg veit ikkje kva det var! I barnesinnet kom «Skogmannen», kledd i grønt frå topp til tå, rett frå dei djupe skogar, og leverte vekstar som vi ikkje hadde frå før. Han delte ut sette-tre for Sitkagran gratis. Takksame tok vi i mot. Følte at vi gjorde noko viktig! Og planta som galne! Ikkje berre til plantefelt. Nei. Vi planta både tre og fire i breidda; til hekk, i klynger rundt omkring på garden; i hagen og langs grensene til andre bruk! Sikker måtte ein vere! No skulle det endeleg bli livd for nordavinden!


Ja. Vekstane klarte seg, dei! Utan tvil! Og når eg går der i drevet av barnåler, og fortvilar i vanvidd over at greiner som vart kappa året før, allereie igjen har vakse ut - med nye skudd, og konglar med frø for spreiing tynger dei enorme trea, forstår eg at historia romer svaret på nettopp kvifor det vart som det vart.


Velferdsvekst. Industrireising. Kraftutbygging. Og – skogplanting! Ja, skogsaka stod høgt på den nasjonale agendaen, etter andre verdskrig. Så viktig var den, at «Gjenreising av skogen» var eit eige punkt i det felles politiske partiprogrammet som vart nedfelt i forkant av Stortingsvalet i 1945. Landet skulle gjenoppbyggast etter krigen, og skogplanting var ein viktig del. Ikkje minst skulle den nakne Vestlandskysten skogkledast. Jordbruk og husdyrhald i eit vèrhardt klima hadde medført at landskapet ut mot havet gradvis hadde blitt avskoga sidan jarnalderen.


Ja. Kva tenkte dei på…….? Jau. Plantinga av Sitkagran er eit talande bilete på etterkrigstidas entusiasme. Trua på at det gode samfunn kunne planleggast. Ved å slakte ned buskap, plante skog på både beitemarker og utmarksstykkjer, vart ein vanleg nordfjordbonde førespegla dobling i inntekt. Og skogen kunne også etterkvart danne grunnlag for ny industri. Treforedlingsindustrien lokka med særs gunstige lån til grunneigarar som satsa på skog. Og generøse tilskotsordningar vart tilbydd for utplanting. I ei lita bygd ytst mot storhavet, var nok le for nordavinden også eit talande argument. Tenk å kunne få til ein hageflekk, der vekstar kunne dyrkast fram og blome, utan å bli rasert av vèr og vind. Og – å hogge eit juletre i eigen skog; rankt, høgt og frodig – utan innsette greiner - var heller ikkje å forakte.


Nei. Historielaus kan ein aldri vere, folk! Heller ikkje i si fortviling over gjengroing med sitkagranskog i vestlandsstrøk! Visst kan vi forstå! Også utfrå nyare kunnskap i klimasaka si interesse, der Sitkagran synest særs godt eigna til binding av CO2.

Etter 50 – 60 år, må vi likevel slå fast at det gjekk ikkje heilt etter planen, folk! Utkantane vart fråflytta. Mange plantefelt er utilgjengelege, grunna bratt og ulendt terreng. Frø fra konglane bles med vinden langt avstad, og gjev grobotn for nye småtre. Økosystem vert endra. Den trua naturtypen kystlynghei, er særleg utsett. Nordamerikansk sitkagran; utplanta i enorme mengder, er i dag rekna som ein alvorleg trussel for artsmangfaldet i norsk natur.


Ja….Det er lett å vere kritisk…..i etterpåklokskapens lys! Men, eg trur nok at folk gjorde som best dei kunne, utfrå kunnskapen dengong då! Nett det same som vi gjer no! Dei brukte DDT. Trollmjøl. Konserverte silda med Formalin. Og planta Sitka! Vi gjekk over til dieselbilar. Og brukte oljemåling innomhus. No syner dette seg som meir eller mindre feil! Det går ikkje alltid etter planen, folk!


Berre framtida romer svaret på kva konsekvensar historien fekk……Og kven veit? Enn om både dagens satsing på hydrogen som drivstoff og WiFi i kvar ein heim, også vil ha sin pris?

9 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page