top of page

Historia om "Lisa".....

Oppdatert: 31. mar.


«Lisa» vart ho kalla av bygdefolket; sydama som levde sitt liv i ei lita grend ytst mot storhavet. Det seiest at ho var usedvanleg flink med hendene sine, Lisa. Og i lyset frå parafinlampa kunne ho skape dei finaste ting. Sirlege broderier på skjortelinningar. Nattserker i finaste lin. Bølgande skjørt med høge midjemål. Og kjolar med innsvinga liv, til høgtid og fest. Ein staseleg herredress kunne det også verte råd med, dersom det stod om. Jaudå. Lisa kunne noko om motetrendane i den store verda. Inspirasjon, kunnskap og ferdigheter hadde ho fått, då ho tok si syutdanning i Christiania på slutten av 1800 talet. Det seiest at når ho ein sjeldan gong fekk tak i eit motetidskrift, så studerte ho det under forstørrelse-glas og med stor interesse! Og, folk - ein skal slett ikkje sjå vekk i frå at ein selskapskjole til ei gardbrukarkone på nordsida av Stadlandet i dei tider hadde eit lite søm-snitt etter mønster frå «fiffen» i sjølvaste Paris! Men, mest var det nok klede til kvardagsbruk Lisa sydde. Omsying av tøy til born i vekst. Skjørt og kofter i vadmel og ull. Arbeidskle, og klede for å halde varmen, når nordvesten stod stiv inn frå storhavet.


Lisa kom til verda i 1868. Elisa Vilhelmine Josephine Vilhelmsdatter vart ho døypt. Far Vilhelm Olson Strand kom frå Honningsvågen, og var los. Mor Johanne Marie Nilsdotter var odelsjente i Eltvik. Ho vart fødd inn i eit hundreår der levekåra enno var små. Spedborndødelegheita var høg. Epidemiane dominerte enno folkehelsa. Kolera og Tyfus. Lepra. Og tuberkulose. Lisa miste sjølv fleire syskjen som små.

«Hjelper faderen» står det skrive under Lisa sitt namn i den store folketeljinga i 1875. I teljinga for 1891, står Lisa framleis oppført som ugift gardbrukardotter. «Kreaturstell og husgjerning», var ført som hennar geskjeft. Nettopp å vere ein god hjelpar, skulle kome til å prege store delar av Lisa sitt liv. Ein hjelpar med husarbeid og gardsstell. Ivaretaking av sine foreldre i alderdomen. Og seinare i livet – flytting til nabohuset inst under Eltvikhornet; til si gifte syster Paula. Der budde ho på «arka». Sydde til folk. Hjelpte til med husstell og fjøs. Og ikkje minst passing og stell av borna på garden.

Ja. Lisa var tolmodig. Stillferdig. Nøysom. Og omsorgsfull. Ho hadde alltid plass på sitt fang. Fortalte historier. Hadde alltid tid. Når borna på garden fekk refs, søkte dei alltid til tante Lisa. Ho gav trøyst. Tørka tårene. Og best av alt - i skuffa på sybordet hadde ho ofte ein spisspose med kamferdrops – eller brystkaramell- på lur. Og DET, folk, kunne kurere nesten alt!


Skal tru kva ho kjente på, Lisa, der ho sat i si systers hus; på arka – bøygd over syarbeid og broderi? Ho var ein av dei som tok liten plass i verda. Vart ikkje rik på gods og gull. Ikkje eingong husfrue på eigen gard. Nei. Lisa vart ikkje ein av dei som stikk seg fram i slektshistoria. Kjente ho på å vere andre til last? Lisa sine systre gjorde gode parti. Vart gifte med sjølveigande gardbrukarar. Og fekk born og familie. Storebroren Nikolai, reiste verda rundt til sjøss. Systera Paula, vart lærerinne, og arbeidde både i inn- og utland. Men, Lisa vart aldri gift. Og, som ugift, måtte ho leve sitt liv på slektningar sin velvilje.

Vart kanskje opphaldet i Christiania, der ho utdanna seg til syerske og jobba ei tid - på slutten av 1800 talet, Lisa sitt vesle «livs eventyr»? Kanskje såg Lisa føre seg ei framtid i storbyen, der livet var annleis enn i bygda ytst på nordsida av nakne Stadt? Kva som skjedde under opphaldet i hovudstaden, og kva som gjorde at Lisa vendte heim, er begravd i fortida. Det vart ein slik ting som det aldri vart snakka så høgt om. Men, kviskra i krokane i bygdene, det vart det! «Nokon» hadde høyrt at Lisa hadde hatt fylgje med ein mann, og endå til fått eit barn i Christiania! Eit barn ho som ugift kvinne, i den tids samfunn kring hundreårskiftet, ikkje kunne behalde, men måtte gje bort…..


Kven veit, folk! Kanskje var det berre rykter. Ei usannhet som spreidde seg blant folk, og som ikkje hadde rot i det som var sant. Svaret er gøymt i glemselens slør…. Men uansett må ryktene ha gjort Lisa smerteleg vondt. Og – somme kveldar, i skyminga, når eg opnar døra til arka, er det nett som eg kan «sjå» Lisa sitje der, bøygd over sitt arbeid – i mitt indre. Enn om det var Lisa sin store løyndom? Og kanskje største livssorg….. Der hennar fang, som alltid hadde plass til eit barn, eigentleg skjulte savnet etter det som ho sjølv aldri fekk….

16 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page