top of page

Historia om krig....

Oppdatert: 31. mar.




I trappa opp til loftsgangen i huset i Eltvik, hang eit stort bilete av Peder. Gjennom oppveksten såg eg biletet, kvar gong eg skulle opp og ned trappa. Og gjennom barnet sine auger tykte eg at han kunne verke litt streng.


Han var min oldefar. Ein heilt vanleg mann. Gardbrukar, fiskar og kvalfangar. Fødd og oppvaksen i Sandvika, men overtok bruk nr. 3 i Eltvik, ved utskiftinga på 1880-talet. Eg lærte han aldri å kjenne. Min relasjon vart gjennom møte med biletet i loftsgangen. Og gjennom historiene som vart fortalt. Mange historier levde etter Peder. Eller «Store-Per», som han også vart kalla av bygdefolket. Historier om hardt arbeid; flytting av gardshuset, nybrot av jord, og laksefiske. Spaning og fare i jakta med harpun etter kval på Sørishavet. Kjærleik til si hustru Paula og sine born, Sigrid og Wilhelm. Og botnlaus sorg etter sonens død i ei tragisk bilulukke i Kleiva.


Gjennom dei siste dagar har eg tenkt mykje på olderfar, Peder. Og særskilt hans siste reis. Det seiest at ein mørk haustkveld, stod Peder utanfor stova si i Eltvik. Han kikka inn glaset. Såg kona, Paula, og dottera Sigrid; truleg opptatt med kvardagens gjeremål. Det kunne ha vore ein heilt vanleg kveld. Men, denne kvelden stod berre Peder der. Stille. Gøymd av myrket. Og såg inn. For utanfor stoveveggane var det langt i frå som vanleg, folk! Verda var i krig! Og Peder kunne ikkje gje seg til kjenne! Det han var med på, var for farleg. Og, på loftet hadde tyske soldatar okkupert fleire rom. Like stille som han kom, forlot Peder garden. Truleg var året 1941. Andre verdskrig var inne i sitt tredje år. Og Noreg var under okkupasjon. Tyske soldatar hadde inntatt bygda; som var eit strategisk punkt for kontroll over skipstrafikken på Stadthavet, og særskilt innløpet til Vanylvsfjorden. Det var den einaste gongen oldefar Peder var heimom garden i Eltvik, gjennom krigsåra. Det vart også den siste. Båten han hadde hyre på vart tidleg i krigen beordra til England, der han deltok i motstandskampen. I 1941 var han med til norskekysten; sette to mann i land, og tok flyktingar med tilbake. Seinare var han vaktmann ved eit marinedepot i London.


Det var her Peder enda sitt liv, «på sin post for fedrelandet», 7 mars 1945. Beskjeden frå sjøforsvarets overkommando, var tung å få for folket som venta heime på garden i Eltvik. Peder mista livet på vakt, under eit flyangrep på London. Då urna hans kom heim, var krigen slutt. Okkupasjonen var over. Noreg var igjen eit fritt land. Javisst var Peder sitt ettermæle prega av mange gode ord! Men, tapet og sorga var svært tung å bere for folket hans Peder. Han vart ein av «våre falne» under andre verdskrig. Ein av dei som «ville noe, kunne noe og som også gjorde noe» (frå minneord i Fjordenes Tidende, 1945). Og Peder var ein av mange. Nær halvparten av Noregs krigsdødsfall var knytt til «sjøens folk»; handelsflåtens og marinens omkomne talte nærare 4200 døde. Lidinga var stor for dei som vart igjen. Kvinner mista sin ektefelle. Born mista ein far. Harde livskår i trange kår, var ofte det som venta…..


Skal tru kva han tenkte, Peder, der han stod i haustmørket og kikka inn? Truleg ynskte han at krigens mareritt tok slutt! At han kunne vende heim. Vere saman med sine kjære. Drive gardsbruk. Fiske laks. At kvardagen vart som før. Å liste seg stille bort i mørket den kvelden, krevde nok meir enn mannsmot, folk! Men, som mange andre, visste Peder kva han kjempa for. Landet sitt. Fridom. Sjølvstende. Fred. Og kanskje var draumen om ein heilt vanleg kvardag heime på garden med sine, det som heldt han oppe gjennom dei lange krigsåra.


Det er lenge sidan andre verdskrig no. Vi som kom etter Peder, har fått leve våre liv i fridom og fred. Eg undrar meg på om vi kanskje har lett for å gløyme kor uendeleg stor verdi det har! At det ikkje er nokon sjølvfylgje! Igjen er det krig i Europa, folk! Ikkje langt frå vårt eige land. Vi ser bileter som vi aldri meir trudde vi skulle sjå i vår del av verda. Bileter som nettopp minner om scener frå andre verdskrig. Død. Bomberegn. Vanlege menn som må gå ut i krig. Born som må skiljast frå sin far. Kvinner som fryktar for sine born sitt liv. Menneske som fortvilt freistar flykte frå krigens øydeleggingar. Dei må reise frå sin heim. Frå sin tryggleik. Frå det livet dei har kjært. Og frå sitt land. Men dei fleste er igjen. Fanga i krigens inferno. Motet. Viljen. Handlekrafta. Det gjer eit enormt inntrykk! Som David mot kjempen Goliat gjer dei alt i si makt for å berge seg og sine. Folket sitt. Landet sitt. Historia si. Så mange offer. Så mykje sorg. Så mykje unaudsynt smerte. Heilt vanlege folk – det kunne vore du og eg! Det kunne vore våre born. Dei kjempar sitt livs kamp nett no; og dei VIL noko og GJER noko. Fordi dei må! Fordi dei drøymer om noko som vi har lett for å sjå på som sjølvsagt - som BURDE vere sjølvsagt; ein heilt vanleg kvardag saman med sine kjære, i fridom og fred.


22 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page