top of page

Ein gamal lødevegg fortel

Oppdatert: 31. mar.


Eit av somarens prosjekt var å skifte lødeveggen på nordsida av løda. Prosjektet har vore utsett gjennom fleire somrar, sjølv om arbeidet var svært tiltrengt. 100 år har gått sidan sist veggen vart skifta. Ei anna tid. Andre tradisjonar. Å kome til frå utsida, baud på problem. Etter mykje fundering vart det beslutta å skifte veggen frå innsida av låven. Men, heller ikkje det var heilt problemfritt. Nei. Mange hindringar måtte forserast også her for å få tilgang til veggen. Det som imidlertid opplevdest som tungt å ta til på, viste seg å verte ein av somarens mest minnerike kveldar; det vart nærast ei lita historisk reise, å rydde veg fram til den gamle veggen på låven. Og barndomen kom ein så forunderleg nær…


Fyrst dukka den gamle torvkniven opp. Eit ukjent reiskap i dag, men nærast ei naudsyntheit før - på ein stad som Stadt; med lite skog. Torvspading var ein møysom prosess. Og den måtte i gong i god tid før slåtten. Fyrst vart det øvste jordlaget fjerna; ein måtte ofte eit par meter ned i myrjorda. Den lange torvkniven vart nytta til å skjere ut torvbarrane i fine, avlange stykker. Etter å ha fått barrane opp, vart dei plassert på ein tørr stad, og reist to og to opp mot kvarandre. Så måtte dei tørke; snuast og etterkvart stablast i fine tårn med den tørre sida inn mot midten. Ofte var det sein haust før torvet var så tørrt at det kunne fraktast i hus.


Torvkniven var velkjent, men neste «funn» måtte funderast meir på. Og eldre krefter måtte koplast inn. Det viste seg at dei fine kopartankane, no eira i fint grønskjer, var petroleumstankar frå 2. verdskrig, som tyskarane slapp ned frå flya når dei var tome. Og slike fann ein både på fjellet og i sjøen gjennom dei harde krigsåra. Ei gamal reisekiste dukka også fram. 1917 stod det rissa inn. Truleg nytta når ein unggut skulle til sjøss for fyrste gong. Og mogleg med ein ekstra tanke frå ei ottefull mor på botnen av kista. Etter fleire timar – og fleire «mimringsfunn» var ein nesten kome fram til veggen. Ei gamal trekiste kjem fram, godt gøymd og tildekt gjennom ein mannsalder. Aldri sett den før, så ei lita sitring er det når ein opnar opp. Kista er fyllt opp med gamle traktordelar, men innsida av loket fortel om endå ei historie; det norske flagg i foreining med det svenske – og sildesalaten i høgre hjørne på båe flagg. Altså mala før unionsoppløysinga i 1905. Rikspolitikken var ein del av kvardagslivet, også på Stadlandet.


«No må de kome dersom de vil sjå….»… På mi «reise» inn mot lødeveggen, kunne eg nærast høyre min far si stemme. Lamming i fjøset var på gong. Mørk men lun vårnatt møtte små barneføter på veg til fjøsen under låven. Stille fred, dyra nøgde. Og to små lam kjem til verda. Problemfritt denne gongen, og mi mor kan rydde grønsepevatn-bøtta bort. For denne gong. Sjølv om det var eit fjorårslam som no har blitt tvillingmor. Og ein minnast lamma sine fyrste stavrande steg og den spede mekringa, før ein gjerne sovna litt i tørrhøyluka.


Den nye lødeveggen står ferdig no. Glitrande raud og fin. Ingen kjenner historien som vil kome. Men, vi må ikkje gløyme den som har vore. Som fortel om kven vi er, og kva vi kjem ifrå. Og litt av den kan ein gamal lødevegg i ei bygd på nordsida av Stadlandet fortelje om. Eit viktig kapittel i norsk kystkulturhistorie. Ei historie om slit. Nøysomhet. Otte. Men også om glede. Tilfredshet. Og kjærleik.


På ein regntung julikveld, vart 100 år med historie erfart på ein gamal låve på ein av Noreg sine utpostar. Frå union, til sjølvstendig land. To verdskrigar. Det vanlege kvardagslivet på ein gard i havgapet heilt vest i Noreg. Denne historia er i ferd med å bli gløymt. Kven treng vel å ta vare på ein gamal låve, i våre moderne og lettvinte liv? Enn om vi treng nettopp det, meir enn vi trur…….

31 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page