top of page

Hjortesalt i kilovis!



Lengst inn i skapet i inste-gangen – godt gøymt bak gamle kakeboksar og Noregs-glas – kom dei staselege metallboksane fram; pryda med ein kronhjort, produsert av norsk Hydro og hald deg fast - plass til 5 kg. hjortetakksalt! Dei fleste har nok hatt ein liten boks med sorten, særleg før høgtider og jul. Enn om du sågar har kome i skade for å ha anda inn den sterke lukta, eller endå verre – lurt ANDRE til å gjere det! Men, boksar med 5 kg. hjortetakksalt, eller hjortesalt, om du vil, DET er i alle fall ikkje lenger fast inventar i norsk hushald! Reint umiddelbart er det heller ikkje innlysande å sjå sambandet mellom ein flott norsk kronhjort – og norsk Hydro! Men, det har seg altså slik at hjortesalt opphavleg vart framstilt av hjortehorn, brukt til heving i bakverk og seinare kjemisk framstilt av norsk Hydro frå tidleg 1900 tal. Og lukta – ja, den stammar frå ammoniakk, som saman med karbondioksid og vatn vert spalta ut gjennom ein kjemisk reaksjon og medfører at deiga hevar seg.

Det var neppe kjemiske reaksjonar som oftast opptok farmor Sigrid sine tankar i hennar krevjande og harde kvardag. Men, kanskje var det nettopp hjortetakksalt ho tenkte på der ho vandra si vante rute over Skaret, ein seinvinterdag. At ho ikkje måtte gløyme å kjøpe litt hjortesalt! Kanskje var det ein av desse mange stormdagane her ute, der storhavet frådande slo langt innover land og ein nærast ikkje kunne stå oppreist utfor nova. Kanskje tok den sterke vinden nærast pusten ifrå henne, og ruska henne nesten over ende i dei verste taka då ho var på veg opp dei bratte bakkane. Kanskje måtte ho søkje ly ei lita stund ved Klovsteinen, for å puste ut før ho heldt fram ned mot Honningsvågen. Enn om det enno var krig i landet, og Sigrid bar rasjoneringskortet med seg i sekken. Litt mjøl, litt kaffierstatning – og for ikkje å gløyme – hjortesalt og om mogleg litt natron. Kven veit korleis det var, folk….. Men, det som i alle fall er heilt sikkert er at farmor Sigrid hadde mange munnar å mette heime på garden under Eltvikehornet, om det så var krig eller fred. Men med sitt milde vesen og lyse sinn - all motgong tiltross - så tenkte truleg Sigrid at dei kanskje likevel var blant dei heldige – dei hadde då både melk og smør. Litt kjøtt. Fisk. Og takk gud for at dei kunne dyrke litt poteter og neper. Men, hjortetakksalt, det måtte ho ikkje gløyme! Hjortetakksalt og natron. Skulle baksten heve seg, måtte det til. Då kunne farmor Sigrid trylle fram både brødkaker, kanskje nokre sveler og ikkje minst natronkaker…..

Og i skumringa, når Sigrid hadde fått god fyr på jøtulovnen i kjøkkenet og dagens mange gjeremål gjekk mot ende, hadde ho som regel ei røre eller ei deig klar til steiking. I det lune lyset frå ovnen gjekk praten lett. Grannar frå bygda samla seg. Slik var det før. Enn om nokon hadde nytt å fortelje! Noko ein hadde høyrt i Honningsvågen, på Ferstad eller på Leikong? Ja, livet gjekk sin gong i ei lita grend ut mot storhavet. Nokon kom til, andre gjekk bort. Sjukdom vart frykta, det kunne spøkje for å få lækjarar til gards, om det stod om. Men, livets alvor og mykje slit, tiltross – latteren sat laust. Historier frå gamalt vart ofte fortalt, kanskje omforma litt og tilpassa livet og tidene då. Og – bess som det var hivde Sigrid ei nysteikt natronkake bort i fanget på ein. Med ei fersk og glovarm natronkake, rett frå plata på den gamle Jøtulen, godt selskap og ei god historie, ja då var livet nok slett ikkje så verst, trass i den evige kampen for tilværet ytst mot storhavet på nordsida av Stadt. Kjenner ein riktig godt etter, folk, er det nesten som ein kan kjenne varmen frå ovnen, høyre summinga av den gode praten og kjenne den litt skarpe lukta av hjortesalt og natron frå nysteikt bakst........

Ja, det kunne kome mykje glede utfrå nokre gram med hjortesalt. Utan tvil! Ein ingrediens som nok har gått i gløymeboka for den yngre garde i dag, men, som var svært viktig i hushaldninga for folk før. Eg trur at turen over Skaret gjekk litt lettare for farmor Sigrid når ho hadde fått tak i det ho trengde for å kanskje overraske med natronkaker til kvelds. Og kven veit, folk! Kanskje var det slik at ho ein desemberdag på 40 eller 50 talet fekk eit par tome 5 kg. boksar med på kjøpet? Eg trur iallefall at det ville ha gleda farmor Sigrid stort! For - betre boksar til både påske- og julebaksten, ja det skulle ein leite lenge etter!

Riktig god påske, folk – med eller utan natronkaker med hjortesalt 😉

9 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page