top of page

Taklampa på kjøkkenet til far....

Oppdatert: 31. mar.


Sånn i skyminga, kunne det rett som det var hende at far blinka med den store taklampa i kjøkkenet, på garden ytst på nordsida av Stadt. Det var ei helsing til båtar i leia; eit «god tur», eller eit «vel blåst» på heimtur…

Ja, frå kjøkkenglaset her, hadde ein panoramautsikt mot Stadthavet. Utanfor ligg Atlanteren – ei havstrekning utan ly. Og båtane gjekk i sin jamne straum. Fiskebåtar og trålarar. Passasjerskip. Frakteskuter. Lasteskip. Og meir enn ofte var det kjentfolk ombord. Kanskje ein onkel eller ein bror. Ein nabo eller ven. Kikkerten var fast inventar i glaskarmen, og den var flittig i bruk. «I dag får dei det stridt, med motstraum og stamping rundt Stadten», kunne far ofte seie….. Og ut glaset kunne vi sjå at bårene slo høgt over dekk på båtane, så dei tidvis nesten ikkje kunne skimtast i det frådande storhavet…..


Åra har gått, men enno er det same utsyn mot skipsleia rundt Stadt; eit av Noregs mest vèrharde havstykkje. Straumar. Fjellformasjonar. Topografi. Og VÈR – gjer sjøforhalda særleg utfordrande og uforutsigbare her! Kvar bidige dag, året rundt, må mannskap og passasjerar forhalde seg til Stadthavet, ofte i kuling og storm. Og heime i land må pårørande bere på uroa og bekymringa for sine….


For – det går ikkje alltid bra! Nokre kom aldri heim! Stadthavet har krevd mange liv. Og mange har tapt sine kjære og sine forsørgjarar. Ei av fleire tragedier var forliset av "Brenning" i 1956. Båten gjekk rundt, og 19 menneskeliv gjekk tapt. Redningsmannskap kunne høyre bankesignala frå overlevande inne i vraket, utan å kunne hjelpe. Båten sokk før dei nådde land…. Også i nyare tid har liv gått tapt. Og enno større er talet på ulukker som kunne fått eit langt meir dramatisk omfang. Eit av mange dømer er då hurtigruteskipet «Midnatsol» var nær ved å gå på grunn utanfor Stadt i 2003. 102 passasjerar måtte i livbåtane, då begge motorane på det nye skipet svikta. I ni meter høge bølgjer var det store skipet prisgitt ankerkjettingane for å hindre eit havari. Berre 150 meter frå skjera, etter meir enn to timar drift, fekk mannskapet motorane i gong…..


Ja. Det ER fleire krevjande havstykkjer langs norskekysten! Sjølvsagt er dette sant! Men, akkurat HER gjer landskap og topografi det mogleg å bygge ein tunell; som ei sikring for trygg og regulær passasje på kysten når vèret gjer det vanskeleg å passere Stadten på forsvarleg vis. Allereie i 1887 kom den fyrste ideen om ein tunnel gjennom fjellet, for å unngå det livsfarlege Stadthavet. Men, ventetida skulle bli lang, folk! Og gjennom dei siste 30 åra har stabelen med tjukke rapportar vakse, etter fleire titals utgreiingar. Gang etter gang har prosjektet blitt trenert. «Båtane i dag er større og betre». «Det skjer færre ulukker med tap av menneskeliv i dag». Og «tunellen vil ikkje ha samfunnsøkonomisk nytteverd», har motstandarar hevda….. Ein argumentasjon som i stor grad har kome frå posisjonar med mindre nær kjennskap til saka sin natur. Men – prosjektet har blitt sett på vent. Igjen og igjen….


Gleda var difor stor langs kysten, då det vart kjent at Stadttunellen endeleg ligg inne i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett, med mogleg byggestart innan påfylgjande år. Men, dei siste dagars debatt, har vist at enno eingong kjem politiske utspel som skaper usikkerhet kring realiseringa av tunellen. Og det på ein måte som skaper sterke kjensler – både på sjø og land…..Viktige Vestlandsprosjekt vert sett opp mot kvarandre; å trygge ei svært rasutsett vegstrekning, eller å redusere risikoen for ulukker på Noregs mest verharde kystlei. Det er eit umogleg val, folk! Kven kan velje mellom liv på sjø, eller liv på land? Slike livsviktige prosjekt burde visast større respekt enn å spelast ut mot kvarandre! Og - det er både trist, kunnskaps- og historielaust at det skjer! Begge prosjekta har livets rett og burde vore realisert for lang tid sidan!


Talet på dagar med storm ved Stadt er tredobla på femti år; vi får stadig meir ekstremvèr – eit faktum både klimaforskarar og rapport frå Kystverket om Stadt skipstunell, påpeiker. Så - skal vi verkeleg våge å «ta tida til hjelp» og vente på neste forlis før vi skjønar alvoret? DET spørsmålet får vi håpe at kloke politikarar tek med seg inn i sluttføringa av det framtidige statsbudsjettet, og ikkje set Stadtunellen på ytterlegare vent!


Imidlertid er den store taklampa på kjøkkent i ytste havgapet, framleis i bruk….. Og enno hender det, iblant, at det vert blinka – ut mot båtar i skipsleia. Men, håpet folk, er at det kan skje BERRE dei stundene det faktisk ER forsvarleg å passere Stadt…

10 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comentarios


Innlegg: Blog2_Post
bottom of page