top of page

På verdas hav....

Oppdatert: 31. mar.


Oldemor Paula sitt gamle fotoalbum, er eit lite klenodium i seg sjølv; med permar av mjuk velur og falma gullkanta bokstavar. Så mange historier, bak alvorstunge blikk...... Noko er kjent, og mykje er tapt i gløymselens slør.


Oldemor Paula var ein av 9 syskjen. 3 av dei døydde då dei var små. Far Vilhelm Olson Strand kom frå Honningsvågen, og var los. Mor Johanne Marie Nilsdotter var odelsjente i Eltvik, og dei slo seg til her. Oldemor Paula sin eldste bror, kom til verda i 1864. Nikolai Mathias Vilhelmson Eltvik, vart hans namn. To bileter finst av Nikolai i oldemor sitt album. Det eine som heilt ung. Det andre då han gifta seg med si Marie Elise i 1893. Men, imellom desse bileta, folk, hadde Nikolai bokstaveleg tala gjort seg eit hav av erfaringar frå den store verda!


Det skulle nemleg ta nokre år før Nikolai var klar til å ta over odelen og drive gard! Frå barnsbein lærte han å handtere båtar og fiskereiskaper i heimbygda ytst på nordsida mot Stadhavet. Allereie som tolvåring, var han med på vinterfiske, som kokk. Og knapt 16 år gamal, reiste han til Bergen, og fekk hyre om bord i briggen «Kuba», som skulle laste kol i England og gå vidare til Rio de Janeiro. Turen frå England tok 120 døgn, folk! Og - i 10 år var Nikolai borte på denne fyrste reisa, på ulike seglskuter - som skulle føre han jorda rundt! Sjømannslivet kom til å dominere Nikolai sitt liv. Gjennom 40 år, gjorde han fleire lange reiser; på alle verdshav og til alle verdsdelar. Og - vi veit noko om hans opplevingar! Læraren Hans Vidnes skreiv ned Nikolai sine forteljingar, slik han fortalte dei, i 1941. Historiene vert gjengitt i Sigfred Eltvik, Nikolai sitt barnebarn, si bok «Sjømannsliv – om Nikolai Eltvik» (2008). Det er spanande lesing, folk! Vi vert ført inn i dramatikken som prega livet og arbeidsforholda for sjømenn i slutten av 1800 talet. Fyrst på ulike seglfarty; effektive transportmiddel, med den tids gode lasteevne og god fart, men for mannskapet - eit utruleg hardt og farleg arbeids -og levemiljø, som vi i dag knapt kan forstå. Nikolai sine forteljingar fortel også om korleis sjømannslivet vart endra når båtane etterkvart fekk dampmaskin eller motor.


Nett som i eit spanande eventyr, bringer Nikolai oss inn i ei verd av skonnerter. Barkar. Brigger. Og fullriggarar. Vi får høyre om stormar, og møte med brotsjøar, der berre stumpane av segla var att. Om vanskelege vestavindar, isfjell ved Kap Horn, og farlege rèv. Om gode kapteinar og godt sjømannskap. Og om slagsmål og dårlege forhold ombord. Om rømming og uvissa før ein fekk hyre på ny båt. Om staselege skuter, og om mindre gode båtar, som tok inn vatn og hadde dårlege segl. Berre på si fyrste reis, opplevde Nikolai meir enn dei fleste - gjennom eit heilt liv. Nikolai fortalte sine historier på udramatisk vis. Men, i vårt stille sinn, kan vi førestille oss korleis det måtte vere for ein 16 år gamal gut å kome inn i eit slikt miljø! Angrep frå sjørøvarar mellom Australia og Kina i vindstilla, der dei måtte lade kanoene og forsvare seg så godt som råd. Frykta for «gulfeber» når dei kom til hamn. Kjensla når dei under seilas fekk rotter i drikkevatnet. Og otta når den grusomme sjukdomen «småpokene» - eller koppar kom ombord...


Frå den vesle bygda i ytste utkanten av verda, folk - til Rio de Janeiro. Chile. New York. Australia. Hongkong. Buenos Aires. Montevideo. Barbados. Halifax. Argentina. Uruguay. Boston. Honolulu og Manilla. Nokre av stadane Nikolai si fyrste reis bringa han. Vi kan berre ane kontrastane ein unggut frå Eltvik opplevde! Båtar frå Bergen. Amerika. England og «Nova Skottia» (Canada). Lasta var så ymse; kaffi og barlast. Kol og salpeter. Trelast. Hamp. Kassolje og fyrraketter. Då Nikolai ankom New York, frå Manilla, i 1890, var det gått 10 år sidan han reiste ut. Han ville heim. Billetten til Rotterdam på tredje klasse kosta 22 dollar. Vi må berre undre oss over korleis gjensynet med familien - etter så lang tid må ha vore, folk! Kor mykje han sjølv hadde lete høyre frå seg, veit vi lite om. Men, vi må anta at mor Johanne må ha felt meir enn ei tåre i otte over sonen sitt ve og vel gjennom åra sine løp. Han kom heim til ei endra bygd, der utskifting hadde medført nye grenser, og nye hus.


Nikolai reiste ut igjen. Men, på si tredje reise, gjekk det nesten rett galt, då seglskuta «Dursideer», fullasta med kol, forliste i Australia rett før jul i 1895. Han berga livet, og fekk hyre på ny båt, men i 1897 mønstra han av frå den tremastra fullriggaren «Melanope» i England. Det kan sjå ut som han fall litt til ro. I alle fall heldt han seg heime i Eltvik i 25 år. Han hadde no stifta familie. Syskjena var blitt vaksne. Oldemor Paula var gift og hadde tatt over nabogarden. Nikolai bygde hus, dreiv garden, laksefiske om somaren og skaffe seg fleire båtar; til fiske og fraktefart. Men, utferdstrangen vakna til live igjen; fleire reiser venta. No med båtar med dampmaskin og motor. 70 år var Nikolai blitt, då han mønstra av etter si siste reis. I 1944, døydde Nikolai, snart 80 år gamal. Ein gamal sjømann mønstra av for siste gong. Hans uvanleg gode handlag hadde kome til nytte på mang ein seilas. I sine siste år heime i Eltvik, vart hans store hobby å lage seglskutemodellar. Båtane hadde blykjøl, og flaut usedvanleg godt på vatnet, vert det sagt. Enno finst synlege spor etter Nikolai sitt handverk. På Stadlandet eldretun står ein staseleg seglskutemodell Nikolai laga, overrekt av familien i 2012.


Nikolai sin forteljarstil ber preg av lite dramatikk; nøktern, rettskaffen og rett fram som han var. Likevel må vi bli overvelda over hans utrulege opplevingar frå alle verdshjørner og alle verdshav! Og - historiene frå Nikolai er viktige, folk! Dei fortel om korleis det var, og om utviklinga som kom. Når eg let at oldemor Paula sitt album for denne gong, undrar eg meg på - kva dreiv han, skal tru? Kamp om levebrødet, var nok sjølvsagt ein motivasjon. Men, vi må også anta at Nikolai Mathias Vilhelmson Eltvik hadde ein god porsjon eventyrlyst. Mykje mot. Uthaldenhet, dyktighet og klokskap for å igjen og igjen kunne finne den rette leia heim - frå verda sine farefulle hav……



16 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comentarios


Innlegg: Blog2_Post
bottom of page