top of page

Med diamantar i smilet – på kjærleikens hav…

Oppdatert: 31. mar.


Hugsar de sangen «Sea of Love», folk? Eller kanskje de hugsar filmen med same namn? 1989. Al Pacino på sitt beste - som den litt rufsete, men umåteleg dyktige New-York politimannen, Frank. Sangen «Sea of love» - som ein raud tråd gjennom filmen; viktig spor i etterforskinga, og ikkje minst for kjærleikshistoria; som utspelte seg på beste amerikanske 80-tals vis!


Men, «Sea of Love» var slett ikkje berre filmmusikk i ein amerikansk kinosuksess, folk! Nei. Sangen var faktisk allereie ein hit, 30 år før! I 1959. Den vart skriven av den heller ukjente John Phillip Baptiste, som etterkvart tok namnet Phil Phillips. Han jobba som pikkolo i Louisiana, men vart introdusert for den lokale plateprodusenten, Georg Khoury, som spelte inn og gav ut sangen som single. Sangen gjorde stor suksess, og vart etterkvart leasa til Mercury Records. Frå 1959 låg sangen på topp på amerikanske Billboard-lister. Tallrike artistar har spelt inn coverversjonar, sidan. Men, for Phillips vart dette likevel den einaste sangen som rangerte listene, folk! Han spelte aldri inn fleire hits. Og, trass i sangens suksess, påstod Phillips at han berre hadde motteke litt over 6000 amerikanske dollar for si innspeling. Lommerusk, i høve populariteten sangen fekk! Og, vi må anta at akkurat DET vart eit sårt tema for Phillips, gjennom livet. Kanskje kjente han på at han slett ikkje fekk «sin del av kaka» - for ein sang som vart så populær, og traff generasjonar, gjennom fleire tiår.


Vi må anta at både filmen - og sangen «Sea of Love» også nådde - frå Amerika - ut til ytste utkantane på det vestlege fastlandsnoreg! Og – skjebnen ville det slik, at på ein litt ruskete seinsomarkveld, kom det storfint besøk til ein mindre tettplass på Nordvestlandet, folk! Året var 1990. Og - jaudå! Sjølvaste «Diamond Teeth Mary» skulle spele på Nordfjord hotell, på Eid! Ho kom truleg vidare frå Bluesfestivalen på Notodden, der ho opptrådde dette året. Men ikkje veit eg om folk flest - og publikum den kvelden, visste at det var ei legende som skulle på scena! «Diamond Teeth Mary» eller «Walking Mary» som ho også kalla seg, var då 88 år, folk! Sat i rullestol, med redusert førlighet i si venstre hand. Men, stemmeprakta var intakt. Ho spelte framleis piano – med stive fingrar, og leverte som alltid eit kraftfullt og energisk sceneshow.


Nett som Phil Phillips, vart aldri «Diamond Teeth Mary» riktig godt behandla av musikkindustrien, folk! Men, FOR ei historie ho hadde! Mary Smith vart fødd i 1902, i West Virginia; halvsyster til legenden Bessie Smith. Ho rømte heimanifrå som 13-åring; for å sleppe meir juling. Kledde seg som gut, hoppa på eit tog, og vart med på eit omreisande sirkus. Etterkvart byrja ho som refrengjente, og var med i ulike show utover 1920 og -30 talet. “Walking Mary” vart hennar artistnamn. Ho jobba saman med halvsyster si, Bessie, fram til hennar tragiske bortgang i 1937. Mary var tilstades, og seinare omtalte ho Bessie sin død som fylgje av at dei kvite legane ikkje gjorde nok, for å redde hennar liv.


På 1940-talet, fekk Mary fjerna diamantar frå eit armband; det einaste ho hadde fått frå si mor, og sett inn i fortennene sine. Dette gav henne namnet "Diamond Teeth Mary". Ho heldt fram med sine show, og gjennom tidene delte ho scene med både Billie Holiday, Sarah Vaughan, Ray Charles, Count Basie, Nat King Cole og Duke Ellington. Fleire store artistar gav henne æra for at dei vart musikarar; som bluessangaren Johnny Copeland, John Lee Hooker og Big Mama Thornton. På slutten av 70 talet fekk ho nasjonal merksemd; og fekk til og med synge for president Reagen, i det Kvite Hus! Men, fyrst i 1993 spelte ho inn sitt fyrste album, folk! "If I Can't Sell It, I'm Gonna Sit on It" – i ein alder av 91 år. Tittelen taler for seg sjølv.….Gjennom 1990-talet turnerte ho Europa, og ho heldt fram med å opptre på bluesfestivalar fram til sin død, i år 2000. Ho vart 97 år. Etter eige ynskje, vart aska hennar spreidd på jernbanesporet i West Virginia, der ho som 13 åring hoppa på eit tog, for å kome seg bort..... Ringen var slutta, folk……..


Og, medan storfilmen “Sea of Love” rulla over all verdas kino-lerret, gav “Diamond Teeth Mary” ei heller anonym opptreden på ei lita “scene” i ein mindre tettstad på Nordvestlandet, folk……Og akkurat her sa ho at ho hadde spelt piano på Phil Phillips sin opphavlege versjon av “Sea of Love”. …… Nettopp DET sa “Diamond Teeth Mary”, på sin opptreden på Nordfjordeid, ein seinsomarkveld I 1990…… Noko som Rock Bottom bekrefta. Men, på Phil Phillips plate sin vaskeseddel, står Marys namn ikkje. …..


Kven veit, folk! Umogleg er det ikkje! “Diamond Teeth Mary” levde i ei tid der musikk vart skapt. Ho omgjekk store namn….deltok i deira opptreden. Det er slett ikkje umogleg at ho på eit eller anna tidspunkt også bidrog i Phil Phillips si framføring av "Sea of Love"....

Nei. Musikkbransjen er ikkje alltid rettvis, folk! Nett som livet sjølv; …… ein får ikkje alltid løn som fortent....…... Likevel gjorde både “Diamond Teeth Mary” og Phil Phillips sitt! Gav av seg sjølv! Skapte historie! Og musikk som lever vidare..... Og, enn om deira historier møttest, folk….. danna ein slags ring…… ein seinsomarkveld - på ein liten stad langt nord… Med diamantar i smilet – på kjærleikens hav, i ytste havgapet på Nordvestlandet….....


4 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


Innlegg: Blog2_Post
bottom of page