top of page

Lett på hatten, snart er det vår!



Set den på grønt gras - fyrste gongen du ser den om våren – då vert somaren fin! Men, set den på ein stein, folk - ja – då vert det truleg mest regn! Slik vart det i alle fall sagt. Folk venta med glede, og både vèrteikn og anna overtru vart knytt til det fyrste synet om våren. Det seiest at det til og med vart løfta på hatten for å helse velkomen, som takk for at den vesle sangfuglen bringa vår og håp, og la den strie vinteren bak, endå eingong….

Mindre høglydt enn staren. Og kanskje mindre masete enn sporven. Snarare litt flyktig – der den småtrippar rundt – kniksar litt med den lange stjerten - og er på vengene i neste stund. Evig på jakt etter ein matbit. Likar seg åleine, flyg sjeldan i flokk, men trivast også i nærleiken av folk.

Javisst kan det verke fjernt! Når stormane raser, dag etter dag og vintermyrket enno gjer dagane korte. Men snart, folk, snart kjem Linerla med våren! Snart er ho flittig i gang med å bygge reir på bakken; gjerne litt gøymt i gras og myr. Og - om ikkje lenge startar den lange reisa heim. Tusenvis av imponerande kilometer, folk – frå Afrika, over det europeiske kontinentet og til hekkeområda her nord. Med sola som vegleiar om dagen, stjernehimmelen om natta og jordas magnetfelt som kompass, er Linerla ein makelaus navigatør! Rask og uthaldande. Langs same trekkrute, år etter år.

Men når dagane vert kortare, hauststormane tek til og det vert vanskelegare å finne mat, forlet Linerla oss igjen. Borna er sterke nok til å flyge med no. Dei lærer navigasjon og overleving frå dei eldre, får verdfull erfaring, som dei ber med seg som eit indre kompass til neste reise til fødestaden her nord. Men, reisa krev, folk! Linerler har korte liv. Som elles i naturens nådelause lover er det dei sterkast som vinn.......

Ja, linerla minner oss om våren. Men saman med andre trekkfuglar utgjer den også eit vakkert og makelaust kapittel i naturens bok! Minner oss om mangfaldet. Om mønstera. Og om det vakre samspelet mellom natur, miljø, årstider og liv.

Nei! Det er nok ikkje mange som lettar på hatten, slik dei gjorde før, for å ynskje Linerla velkomen heim i dag. Og varsla om vèr og vind, liv og lagnad som folk knytte til den vesle fuglen er nesten gløymt, saman med dei som var. I våre moderne liv, og i all vår travelhet har vi kanskje ikkje lenger tid til slikt! Men, effektivitet og utvikling, tiltrass! Kanskje gløymer vi noko viktig, folk? Kanskje gløymer vi prisen nedbygging av natur har for artsmangfald og korleis menneskeleg påverknad kan forstyrre naturens fantastiske urverk? Kanskje gløymer vi kva som skal til for at vi også i framtida skal kunne sjå Linerler fylle himmelen, på veg til sin naturlege levestad?

Snart… snart kan vi i alle fall vente på våren, folk! Og - kanskje skal du lette litt på hua når du ser Linerla for fyrste gong i år, du også ;

4 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


Innlegg: Blog2_Post
bottom of page