top of page

Kunsten å bøte eit garn...

Forfatterens bilde: Wenche Hovlid SortvikWenche Hovlid Sortvik

«Nei, har du sett, kor stygt straumen og styggevèret har fere med det!» kunne far seie, og riste på hovudet i det han hengde det nygreidde garnet opp på ein krok i det vesle uthuset framfor fjøsen. Slik kunne han lettare sjå kvar maskane var øydelagd…… Og, sjølv om eg var berre barnet, og det har gått mangfaldige år, er det nett som eg enno kan kjenne lukta av gamalt tauverk, tråd, nylon og ramsalt sjø når garnet vart strekt ut….


Kanskje det var ein slik mildversdag i byrjinga av februar. Ein slik dag der havlyset glitra i pastell, og snøklokkene så vidt nikka fram i sin kvite stas. For nettopp på den tida av året, innimellom fjøsstell og gardsarbeid, var nemleg slike stunder fine å nytte til bøting av garn. Vinterstormane ville enno lenge rase her ut i ytste, nakne havgapet. Men, det lakka mot ny sesong. Javisst var torskegarnet gamalt! Prega av tidens tann…. Og farga med tråd frå mange års reparasjonar forut. Men, far var av gamlesorten. Tradisjonen med å bøte garn vart helden i hevd. Og, tru mine ord - garnet skulle kome til å sørge for mang ein god fiskemiddag på bordet i tider som kom....


Ja…Det var slik dei gjorde det før! Ressursane vart nytta til fulles. Det meste vart brukt på ny. Og fiske og småbruk måtte gå hand i hand for å få endane til å møtast. Å bøte eit garn var eit eldgamalt handverk. Men, og nærast ei form for kunst! Ei eiga ro over arbeidet. Var mor i godlune, kunne det endåtil hende at far sat på kjøkkenet og bøtte garn. Dei store arbeidshendene manøvrerte garnnåla med finaste kyndighet. Nøyaktighet. Og mykje varsemd. Maskane som skulle bøtast, måtte vere nøyaktig like store som dei andre. Og tråden måtte knytast fast, slik at den heldt når den vart kutta. Dobbelt flaggstikk. Halvstikk. Båtmannsknopp.... Ord som ein vagt hugsar vart brukt. Og barnet fekk sjå, så vidt prøve. Men, lære skikkeleg slik at ein kunne føre tradisjonen vidare – det trudde ein jo i sin unge naivitet at ein hadde allverdas tid til….


Ikkje mange kan å bøte eit holete garn i dag! Det er ein kunnskap som er i ferd med å forvitre bort. Det solide tradisjonshandverket; lært vidare frå far til born, forsvinn meir og meir, i takt med generasjonars bortfall. Å kjøpe nytt, er lettare enn å lappe på gamalt….. Og kanskje «harmonerer» det med samtidas mentalitet til bruk og kast?


Men - enno hugsar eg lukta! Fargespelet i dei nye og i dei gamle trådane. Og tilfredsheita når eit sundrive garn med dyktighet, tid og ein god porsjon kjærleg varsemd og tolmod, vart heilt og sterkt igjen. Og, det slår meg - at nettopp det, nesten kan vere som ein metafor på livet sjølv?

 
 
 

Comentários


Innlegg: Blog2_Post

Abonneringsskjema

Takk for innsendingen din!

©2023 Kvardagsliv av Wenche Hovlid Sortvik

bottom of page