top of page
Forfatterens bildeWenche Hovlid Sortvik

Havets gull

Oppdatert: 31. mar.


Når far tok sixpence-hua på, trakka den gamle Puchen i gong, og den putrande motorlyden braut den somarlege freden over garden, ja, då visste ein kva som var på gong! Kvar yrkesdag gjennom somarvekene; morgon og kveld, møttest karane i Eltvik nede ved «sjøna». Dei skulle «ro i nøtene», ein nemning som besto, sjølv om påhengsmotoren etterkvart erstatta årane på dei gamle færingane. Den umiskjennelege lukta av tjære, linolje og terpentin frå dei nysmurte færingane, vil for alltid minne om somar.


Laksefiske med not var ein viktig del av næringsgrunnlaget i dei små bygdene ut mot storhavet. Med ikkje reint lite stolthet, kunne bonden seie at garden hans hadde lakserett! Bruka hadde ulik andel lot, noko som kunne bli gjenstand for tvist, så vel som for samarbeid og samhald. Medan nokre hadde ein heil lot, måtte andre dele. Men, skulle ein få nøtene ut, måtte bygda samlast om gjeremålet. Allereie i april byrja karane å leite stein i Stranda. Passande stein måtte nyttast, for å få ramene ut i sjøen. Det var hardt arbeid, med rå handemakt, som måtte løysast i saman. Kvinnene og borna kom med mat og kaffi, og pausane kunne bli rett lystige for både store og små når bygdefolket samla seg rundt ei "matsåd" i fjøresteinane. I notfisket sine glansdagar, vart 16 nøter sette ut av lakselaget i bygda. Fangsten vart oppbevart i ishuset ved sjøen. Fraktebåten «Perla» kom innimellom med ny isforsyning og trekasser. Men i riktig gamle dagar, forteljast det at dei hadde ein dam framfor ishuset, som dei fylte med vatn, skar ut isblokker om vinteren og oppbevarte dei i ishuset til nedfrysing av fisk om somaren. Fangsten vart mellom anna levert på fryseriet på Leikong (no Furebuda) og frakta til Måløy. Fiskarane rodde òg ut i fjorden, og sende fisk med «Mørejarl»; kystruta som gjekk mellom Ålesund og Bergen.


Laksenotfiske var hardt arbeid. Og å møte Stadthavet i ein færing, var aldri utan fare. Nokre dagar var sjøen for tung til å kome seg i nøtene. Ein måtte late det bero, til veret tillot det. Tidvis fyltes nøtene med tang og maneter. Gjennom «Hundedagane» var det ofte verst. Innimellom måtte ein drage nøtene på land, for å rense dei. Både hud og auger kunne svi i dagesvis etter ublide møter med maneter. Men, aller mest minnast ein dei gode stundene. Rike opplevingar som sette seg fast i barnesinnet, slik det hadde gjort i generasjonane før. Praten gjekk lett. Ramsalt lukt av sjø. Sola så tindrande stor i møte mellom hav og himmel. Spaninga då ein bøygde seg over færingsripa og såg den glitrande «sølvryggen» på laksen der ned i romet….og kjensla av lukke då ein drog laksen om bord. Særskilt dei fyrste dagane når vinden snudde og nordavinden stod inn mot land, kunne det vere gode forhold. Når «raudåta» sette seg fast på nøtene, var det eit godt teikn for god fangst. Kunnskapen om fisket, dei beste fiskeplassane og ver og vind som var gunstig for godt fiskeri, vart «overlevert» munnleg mellom generasjonane. Ein heldt seg på innsida av Kviteneset. Når fangsten var liten, kunne far seie «i dag får dei han ut i Honningsvågen». Litt sunn konkurranse var det nok mellom bygdene.


Restriksjonane vart etterkvart strengare. Lakseflya hyppigare å sjå; sendt ut for å kontrollere om nøtene var stengt. Og brått var det slutt på den måten nøter hadde blitt drive i generasjonar. Grunnen var forståeleg nok; vill-laksbestanden var i kraftig nedgong. Eit tiltak for å regulere bestanden, vart å avgrense sjøfiske med nøter. Likevel vert det stilt spørsmål ved om sjølaksefiske har fått ei noko urettmessig skuld i at laksebestanden går ned? Kan årsakene også skuldast forhold i havet og i elvane, og stress og sjukdomar som fylgje av oppdrettsnæringa si påverknad på bestanden? I alle fall vart ei gamal hevd sletta med eit pennestrøk, utan nokon form for økonomisk kompensasjon.


På «betane» i naustet i Eltvik, heng enno laksenøtene. Vitnar om ei anna tid. Om generasjonar sitt slit. Om ei verdfull innkome i trange livskår. Men også om glede. Tradisjonar og kultur. Om sosial identitet og forvalting av lokal økologisk kunnskap. Ikkje minst vitnar det om kunnskap og ferdigheter, overført mellom generasjonar, som no er i ferd med å døy ut, folk! Og - kanskje kan ein undre seg litt over konfliktene som kan oppstå når forsking, vitskap og forvaltingspraksis møter levegrunnlag og kulturhistorie?



42 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


Innlegg: Blog2_Post
bottom of page