top of page

Eit pust frå den store verda!

Oppdatert: 31. mar.


Det seiest at gamle hus har sjel, folk! Og - eg trur at det er sant! Levd liv gjennom generasjonar, set sine spor. Liv som kom til, og liv som ebba ut. Kjærleik. Glede. Håp. Og sorg. Forventing og tap. Veggane i eit gamalt hus, romer så mangt. Mellom tapetlag og skiftande tidsepoker, ligg historiene - etterkvart delvis gløymt. Men innimellom dukkar bitar av levd liv fram. Kanskje i form av eit gamalt brev, skrive i sirleg skjønnskrift. Eller eit bilete, falma i kantane av tidens tann.


Eit bilete av mi oldemor Paula, kom plutseleg fram her ein dag. Godt gøymt på eit skråloft, mellom aviser og gamle magasin. Ei ung kvinne, i sin beste stas. Eit bestemt blikk. Stolt. Og sterk. Pauline Vilhelmsdatter Eltvik, vart ho døypt. Eg lærte henne aldri å kjenne. Har kun høyrt brotstykker av historia om hennar liv. Kven var ho, eigentleg, Pauline Wilhelmsdatter? Kva draumer hadde ho? Og vart hennar liv slik ho ynskte det skulle bli? Pauline vart fødd i 1875. Døydde i Eltvik i 1954. Paula, vart ho kalla til dagleg. Ho ville noko meir, Paula. Ville reise. Sjå verda. Og ho ville lære. Ho vart etterkvart den fyrste kvinnelege læraren i Selje. Kanskje føltes Eltvik for lite for Paula i ungdomen? I alle fall reiste ho til Christiania ein gong etter 1891. Ho reiste til Scotland, og jobba som guvernante. Og ho jobba som koldjomfru på hotell ulike stadar i Noreg. Ein av hennar kjæraste eignelutar har enno heidersplass på skjenken – ei kanne i sølv, som ho kjøpte av pengar ho fekk av keisar Wilhelm i si tid som koldjomfru på Stalheim turisthotell.


Kor lenge Paula var ute i den store verda, er uklart. Men i alle fall vende ho attende til Eltvik, tok over garden, og gifta seg med sin Peder Sandvik i 1903. Etterkvart kom borna Sigrid og Vilhelm. Paula vart ikkje spart for livets skuggesider. Sonen Vilhelm døydde i ung alder, i ei tragisk bilulukke i Kleiva. Peder døydde i London under krigen. Og sjølv vart ho tidleg invalidisert av leddgikt. Dei siste ti åra av sitt liv var ho lenka til senga.


Kanskje vart ikkje livet heilt slik som den unge, stolte Pauline på biletet drøymde om? Det får vi aldri svaret på, folk! Enn om ho fann ut at sjølv om borte er bra, så er heime alltid best…. ? Og – kanskje ho bringa litt av draumane sine attende til den vesle bygda heilt ut i ytste enden av verda? Paula og Peder fekk nemleg bygd ein ekte glasveranda; med farga glas, utskjeringar, og alt som høyrde med – i beste sveitserstil! Det vart «hennar stad», der ho naut dagens siste solstrålar kaste sitt lys over bygda. Då ho ikkje klarte å gå sjølv lenger, i livets siste haust, vart ho båren inn.


Ein korgstol, ein sveivegrammofon og lyset som vart brote gjennom dei farga vindaugene. Kanskje vart dette eit pust frå den store verda, for Paula? På glasverandaen naut ho sine sigarettar. Musikk frå sveivegrammofonen. Og ei god bok. Det passa kanskje ikkje heilt inn, på eit beskjedent gårdshus, heilt ut i havgapet på Nordvestlandet? Og kanskje gjorde heller ikkje Paula det? Men, det var her ho valte å leve sitt liv.


Paula har vore borte lenge no. Og glasverandaen vart erstatta av eit tilbygg i den tids ånd på 50 talet. Men Paula sette sine spor. Eit liv som fortel om gjenkjennbare tema hjå oss alle; kjærleik. Litt eventyrlyst. Glede. Og sorg. Men, hennar historie vitnar også om noko viktig, folk; å ville noko. Kunne noko. Og å gjere noko. Og sjølv om tidene har endra seg, og livet byr på så mangt, så er dette kanskje eit like aktuelt livsmotto, også i dag?



20 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


Innlegg: Blog2_Post
bottom of page