top of page

Den gamle fjøsen....

Oppdatert: 31. mar.


Det var lågt under taket i fjøsen, på det vesle gardsbruket i ytste havgapet på nordsida av Stadt. Ein måtte bøye hovudet godt ned, allereie på veg inn den lave fjøsdøra – som hadde krok på utsida, og skyvelem innvendes - slik at vinden ikkje skulle få tak. Lang-gardar på begge sider av det smale fjøsromet; vasskran til brynjing i øvste enden, og luke til kummen heilt nedst. Og midt i romet tørrhøyluka – som også vart nytta til silofòr. Trangt om saligheita, javisst. Men, når stille drøvtygging lydde frå nøgde dyr, og det nykosta golvet fekk eit ørlite strø med spon, ja då, folk, då la freden seg mellom dei kvitkalka veggane – sjølv om nordvesten piska mot nova, og vinden ulte mellom bordkledinga i låveveggen over.


Så mang ei historie ligg gøymt i veggane i ein gamal fjøs. Du kjenner nok til nokre, du og! Generasjonar sitt slit, gjennom årstidene sine skiftingar. Kvart eit strå på dei små jordlappane vart hausta, i karrig og vèrhard natur. Mykje hardt arbeid, folk. Men også glede….. om hausten når flokken kom trygt i hus frå fjells. Lun stemning i fjøsen frå nøgde dyr, ein vinterkveld. Og lettelse når tørrhøyet endeleg kom under tak, i dei korte somarmånadane.


«No må de kome dersom de vil sjå»….Det er nesten som om eg kan høyre far si stemme. Lamming i fjøsen var i gong. Små barneføter på veg over tunet i mjuk og lun vårnatt. Grønsepebøtta til mor klar. Freden blant dyra og gleda når alt gjekk bra. Og minner om sped mekring frå nytt liv og lamma sine fyrste stavrande steg, før ein gjerne sovna litt i tørrhøyluka.... Heilt ytst ved fjøs-vindauget, stod reolen til far; ei gamal trekasse, snudd på langsida og delt i to rom, fyllt med ulikt inventar, som vel kunne kome til nytte! Gule smukkar, til flaskelam. Ei god sauesaks. Tollekniv til vårens øyremerking; av høgre øyreflipp og klipp i venstre. Vaselin og krystall-fiolett - i tilfelle jurebettennelse. Og kanskje litt saunøtter, som ein ekstra godbit på lur.


Men, å drive gårdsbruk på vèrharde Stadlandet, var langt frå berre idyll! Og somme år var trasigare enn andre, folk! Mange farer trua; bratthenga i Honnbakkane. Reven som låg på lur. Og planten Romegras, som særskilt var farleg for lamma. Nokre år kunne eit tosifra tal på dyr bli borte i fjellet. Og - det vart merka på inntektsgrunnlag påfylgjande år! Det var grenser for kor mange dyr eit lite fjøsrom kunne rome. 20 lammesauer gjennom vinteren – og mellom 30 og 40 nye lam, medførte litt av eit byggesjau, i den vesle fjøsen. Lang-gardane vart delt opp; med gamle dører og anna passeleg inventar. Dyra måtte få litt privatliv, ved livets start, dersom dei skulle trivast. Ja. Dyra skulle ha det godt, gjennom vinteren! Særskilt på julekvelden skulle buskapen få ein ekstra godbit. Og ikkje berre dei – fjøsnissen vart aldri gløymt, folk! Grauten vart sett fram, kvart bidige år. Ekte mjølkegraut, med smørauge, sukker og kanel. Nei. Det var ikkje slik at ein alltid kunne sjå fjøsnissen. Men, det kunne skje! Og, i alle fall var han aldri langt unda! Snarsint, kunne han vere! Og difor var det lurt å halde seg til vens med han. Då kunne han både hjelpe til med gardsarbeidet, og verne om buskapen. Og, ein må gjerne tru på nett det ein vil, folk! Men, stod du på tunet, ein mørk desemberkveld, kunne du rett som det var høyre det svisje i små nisseføtter rundt novene! Det er heilt nissesant! Særskilt der den gamle utedoen stod! Folketrua stod ved lag, ute på bygda, sjølv om tidene endra seg.


Dei gamle fjøsane er mest historie no, folk! Traktor, og mekanisering av jordbruket gjorde etterkvart arbeidet lettare enn før. Men likevel har talet på gardar i drift sunke dramatisk gjennom dei siste tiår. Fjøs står til nedfalls, landet rundt! Og det som eingong var livsgrunnlaget til folket i distrikta, vert no omtalt som eit problem! Fleire titusen driftsbygningar står tome, og til forfalls. Riving er for dyrt! Brenning er for farleg! Og, få ser føre seg ei framtid som gårdseigarar. Bonden får ikkje nok løn for strevet, folk! Verken før eller no! Gamle fjøs vert i dag omtalt som ei nasjonal utfordring! Det undrar meg, om vi gløymer noko viktig då, folk? Nettopp at ein gamal fjøs kan vitne om ei tid som var. Om gamal kulturhistorie. Om kven vi er. Og kva vi kjem ifrå. I alle fall kan ein gamal fjøs i ei lita bygd på nordsida av Stadlandet fortelje litt om det! Ei historie om slit. Nøysomhet. Otte. Men også om glede. Tilfredshet. Og kjærleik. Enn om nettopp det, er viktig å ta vare på.......



18 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


Innlegg: Blog2_Post
bottom of page