top of page

Å vinke somaren farvel....

Oppdatert: 31. mar.


Det er vakkert på Storeneset, ein stille septemberkveld, folk! Havlyset, som fargar horisonten i pastell og kastar sitt lune lys over den vesle bygda som klamrar seg fast over marbakkane ut mot Stadthavet. Dei bratte fjellskrentane gjennom Stranda har tatt purpurdrakt på no. Ja.....vakre seinsomarminner er gode å ha, når storbåra herjar mot land, slik som i dag. Hausten er på veg, folk! Også i år….Snart kan vi vinke ein regnfull somar – krydra med livets hendingar på godt og vondt – farvel…


Kanskje vart ikkje somartida heilt slik vi håpa på? Vi ynskjer jo så mykje ut av den! Lade opp! Ta att alt som har gått tapt….Bli solbrune, friske og opplagte - til ny giv…..med nyrealiserte opplevingar i vår «mentale ryggsekk» og med inspirasjon til planlegging av endå fleire merittar……..til neste års ferietid….


Vi vil sjå verda! Gjere nye erfaringar. Utvide vårt perspektiv! Men – enn om det er blitt litt slik - at vi aldri kan få oppleve nok? Reise langt nok. Strekke våre grenser for nye erfaringar – for å føle oss tilfreds? Når du sit der i skyminga - på ein av dei ytste utpostane på nordvestlandet, så vandrar i alle fall tankane lett tilbake til tider som var….. Tider før tariffavtaler og lovfesta feriedagar. Før bilturismens gullalder – og før pakketurar og sydelege reisemål freista med varme og sol…..


Ferie – var nemleg enno eit ganske ukjent fenomen, gjennom oppveksten på 70 – og 80 talet ytst mot storhavet på nordsida av Stadt. Kvardagens gjeremål fulgte årstidenes rytme, og somar tydde at slåtten stod for tur. På vèrharde Stadt kunne DET vere eit langtekkeleg prosjekt! Gode vèrdagar måtte nyttast til slåing. Breiing. Og hesjing. Ved dårlege meldingar måtte halvtørt høy takast inn – og køyrast ut att når det kom ein godvers-heng. Og for ikkje å snakke om siloslått… Det var før treningssentera sin gullalder, folk…. Før Spinning. Zumba. Rowing. Og Yoga! Men, etter 3 veker med lessing i silo, var det rimeleg sikkert at ein hadde fått trent kvar bidige muskel i kroppen….


Nei. Det var ingen pakketur til syden! Ingen langturar på tvers av Noregs vidstrakte land. Premien etter ein lang dag ute på markane, var kanskje eit bad ved moloen. Eller ein tur til fjells. Gjerne ikkje for topp-turen sin del, i seg sjølv, men for å sjå etter dyra på beite. Rett som det var, kunne sauene gå seg fast i dei bratte fjellskrentane i Stranda. Reven låg på lur. Og - åt lamma Romegras, var tida knapp for å få dei innomhus! Men, naturopplevinga ein fin somarkveld var like fullt magisk, folk! Stille fred over lyngheiane. Myrull som sakte svaia i lun somarbris. Sola som gjekk raud ned i havgapet. Kanskje fann du både blåbær og molte, og å avslutte dagen med eit bad på sanden ved Skjenvatnet – ja, DET var ein fin somardag i barndomen! Og - på fine helgedagar kunne det til og med hende at det laga seg for ein biltur «inn i Fjorden»! Etter timar på glovarme skinnseter – på jakt etter den aller finaste rasteplassen- endte ein gjerne opp i ei grushole lang vegen! Men – når far omsider – etter mykje strev og munnhoggeri - fekk montert opp det samanleggbare campingbordet – med tilhøyrande krakkar ……og termos og piknik-korg med påsmurt kom fram…Ja. DÅ føltes livet reint eksotisk, folk!


Tidene har endra seg….Og - sjølvsagt skal vi setje pris på goder som vi har. Nye opplevingar. Og mogleghetene til å realisere våre draumar. Men, enn om vi likevel finn lukka i dei nære ting? Lukta av nyslått gras. Eimen av friskt tørrhøy. Maursyre. Og ramsalt lukt av sjø… Ja… Det bringer i alle fall fram gode somarminner å ta med inn i hausten for meg…..


Med ynskje om ein god haust til deg!

13 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


Innlegg: Blog2_Post
bottom of page